Praksistudium for helse- og sosialfaglege studentar

(Oppdatert 29. mai 2020)

Vi planlegg å gjennomføre praksis som normalt til hausten. Informasjon om kva som vil gjelde for ditt studium vil kome på praksisnettsidene i løpet av juni.

Informasjon til studentar om praksis våren 2020

På grunn av korona vil all ordinær praksis for helse- og sosialfagstudentar vil utgå resten av vårsemesteret 2020. Vi gjennomfører difor praksisstudia på ein alternativ måte.

Vi planlegg å gjennomføre praksis som normalt til hausten. 

Dette må du som student kjenne til

Før påske vil alle finne informasjon om kva løysing som gjeld for deg og ditt studieprogram. Dette finn du i ditt canvas-rom.

Målet vårt er at ingen skal bli forsinka i studieløpet, men det kan bli endringar i din utdanningsplan i høve kva emne som kan gjennomførast i vår.

Vi presiserar at det er høgskulen som til ei kvar tid har ansvar for studentane sine studiar, og høgskulen må difor alltid involverast dersom ditt arbeidsforhold skal telje som eit praksisemne.

Studentar som allereie er i jobb

Mange av våre studentar har allereie jobb i helse- eller sosialtenestene, eller har nyleg fått ekstrajobb og/eller sommarjobb. I dei studieprogramma der det er muleg å innpasse denne arbeidspraksisen inn i eit praksisemne, vil dette godkjennast som praksis. Her vert det gjort ei fagleg vurdering om innpass opp mot læringsutbytta for praksisemne.

Praksisen vert rettleia frå praksislærar via Skype eller Zoom. Det vil vere både midtsamtale og sluttsamtale og godkjenning av arbeidskrav og digitale kurs som arbeidsgjevar/HVL krev gjennomført knytt til alternativ praksisgjennomføring.

Studentar som vil melde seg til teneste

For dykk som per dags dato ikkje er i eit arbeidsforhold og ynskjer å melde dykk til teneste, må du gjere dette via tilgjengelege beredskapsutlysingar i helseføretak, kommunar og andre institusjonar. Om du ikkje finn ei utlysing av beredskapsstillingar, søkjer du på ordinær måte om arbeid via arbeidsstaden sin kontaktadresse.

I samråd med helsefortak og kommunar legg vi tilgjengeleg beredskapsutlysingar og adresse til kommunar som har meldt bemanningsbehov. Dette finn du under lenka «Vil du melde deg til teneste?» på denne nettsida.

Praksisgjennomføring på «ordinær måte»

Ved nokre studieprogram kan vi klare å hjelpe studentar som ikkje har eit relevant arbeidsforhold ut i «ordinære» avkorta praksisstudiar. Vi er i tett dialog med praksisfeltet kring dette. Kirurgisk praksis står i ei særstilling, der ein ikkje kan nå læringsutbytta annan stad enn i helseføretaka. Her vert det jobba med løysing for dykk som skal ut i denne praksisen i vår. 

Beredskap

Som ledd i arbeidet med nasjonal beredskap har HVL, etter pålegg frå Kunnskapsdepartementet, levert lister til Helsedirektoratet med namn på 3.års bachelorstudentar, i tillegg til studentar på master og vidareutdanningar og tilsette med helsefagleg bakgrunn. Det er Helsedirektoratet som har ansvar for desse listene og vidare handtering. 

Utveksling haust 2020

Det meste av utveksling og innveksling er avlyst grunna den pågåande pandemien:

  • all praksisutveksling er avlyst
  • all utveksling utanfor Europa og Norden avlyst
  • 15. mai vil HVL avgjere om studentar kan dra på utveksling til Europa

Dersom utvekslingsopphaldet ditt er avlyst, kan du fortsette det ordinære studieløpet ditt. Du må semesterregistrere deg og bekrefte utdanningsplanen din som normalt. Utdanningsplanen din er ikkje endra.

Informasjon til praksisfeltet våren 2020

All ordinær praksis for helse- og sosialfagstudentar ved HVL vil utgå resten av vårsemesteret 2020. Fakultet for helse- og sosialvitskap gjennomfører difor praksisstudia på ein alternativ måte. Her kan du lese kva det betyr for dykk i praksisfeltet.

Fakultetet ynskjer å bidra til å løyse behovet for helse- og sosialfagleg personell i helseføretak og kommunar i samband med koronakrisa, samstundes som vi skal sørge for at studentane skal nå sine læringsutbyte og halde oppe studieprogresjonen.

Studentgrupper og praksisgjennomføring

Høgskulen har eit særskilt fokus på å oppretthalde studieprogresjon for studentar som skal uteksaminerast til sommaren 2020, og set i verk særlege tiltak for å sikre praksisgjennomføring for denne gruppa.

Vi ser også behov for å vurdere førsteårsstudentane på bachelorutdanningane spesielt. Her gjer vi grundige vurderingar av om dei ulike studentgruppene skal gå ut i alternativ praksis, eller om dei skal gjennomføre digitale teoriemner i vårsemesteret.

Registrering og godkjenning av alternativ praksis

Vi utarbeider alternative løysingar som gjer at studentar som allereie er i eit tilsetjingsforhold, eller som går inn i løna arbeid med bakgrunn i koronapandemien, kan få godkjent dette som eitt av praksisemna i studieprogrammet sitt.

Det er høgskulen som til ei kvar tid har ansvar for studentane sine studiar, og studentane sin progresjon i studiet. Difor må høgskulen alltid involverast dersom ein student sitt arbeidsforhold skal telje som eit praksisemne.

Vi har utarbeidd eit eige skjema, Registrering og godkjenning av alternativ praksis våren 2020, som student og lærar frå HVL er ansvarlege for å fylle ut i dialog med arbeidsgjevar for studenten. Skjemaet ligg tilgjengeleg her. Sjå også skriv om førespurnad om alternativ praksis

Studentar som ynskjer å melde seg til teneste hos dykk

Dei studentane som ikkje er i eit arbeidsforhold, men som ynskjer å melde seg til teneste, må gjere dette via tilgjengelege beredskapsutlysingar i helseføretak og kommunar. Her vil høgskulen gjerne vere behjelpelege med å vidareformidle informasjon til studentane.

Om de har behov for at vi deler stillingsannonser eller informasjon om kvar studentane kan ta kontakt, så send oss ein e-post til fhs[a]hvl.no. Oppgje informasjon om:

  • kva kommune/institusjon det gjeld
  • kva type arbeid ein har behov for personell til
  • kva studentgruppe ein rettar førespurnaden mot
  • kontaktinformasjon/informasjon om kvar studentane skal henvende seg 

Vi lagar ein samla oversikt og legg det tilgjengeleg på denne nettsida. 

Informasjon om alternative løysingar til praksisstudiar og gjennomføring av desse vil fortløpande bli informert om til dykk som praksistilbydar og til studentane.

Beredskap

Som ledd i arbeidet med nasjonal beredskap har HVL, etter pålegg frå Kunnskapsdepartementet, levert lister til Helsedirektoratet med namn på 3.års bachelorstudentar, i tillegg til studentar på master og vidareutdanningar.

Viktige lenker

Skikkavurdering

Lisens til helsefaglege studentar våren 2020

På oppdrag frå Helsedirektoratet vil fakultetet søke om midlertidig lisens til studentar som er i siste året av utdanninga og fullfører utdanningen dette semesteret. Dette gjeld sjukepleie, vernepleie, radiografi, jordmorfag og bioingeniør. Studentane må vere vurdert som skikka.

Dette betyr lisensen for deg som student

Lisensen lar deg gi helsehjelp som helsepersonell utanfor helsefagleg opplæring i arbeidet mot Covid-19. Lisensen er midlertidig og skal løyse akutte bemanningsproblem knytt til Covid-19.

Vi gjer merksam på at bruk av midlertidig lisens er eit forhold mellom arbeidsgjevar og student. Det er arbeidsgjevar som tek stilling til om dei har behov for at helsefagstudentar med midlertidig studentlisens får meir sjølvstendig ansvar.

Dette må du gjere

HVL må få samtykke frå deg før vi melder deg inn til studentlisens. Dette gjer du ved å svare på spørjeskjemaet i SMS-en som du har fått frå oss.

Hugs at:
• Du skal ikkje sjølv søke om lisens. Høgskulen søkjer for deg.
• Studentlisensen er gebyrfri – du skal ikkje betale noko.
• Berre studentar som er skikka, får tildelt lisens. 

Studentlisensen får du automatisk frå den dagen vi registrerer deg. Dette vil skje i løpet av uke 18. 

Du kan søke deg opp og ta ein utskrift frå registeret på nettsida til helsedirektoratet

Lisensen varar i to månadar etter forventa sluttdato ved lærestaden. Høgskulen har i samråd med helsedirektoratet satt 30.juni 2020 som sluttdato.

Bakgrunn for studentlisensen

Helsedirektoratet har vurdert at det er behov for å mobilisere helsefaglege studentar i arbeidet med Covid-19.

Ein midlertidig lisens gjev studentane meir sjølvstendig ansvar for ei avgrensa del av yrkesutøvinga på tenestestaden. Helsedirektoratet vurderer at studentar som er i sluttfasen av studiet har visse kvalifikasjonar som gjer det forsvarleg å gi lisens som student.

Lisensen er midlertidig og varer fram til to månadar etter 30. juni 2020. Når du har fullført utdanninga, og vitnemålet er klart, vil HVL søkje om autorisasjon for deg.

 


Student ved FHS og lurar på noko om praksis, eksamen eller undervisning?
Ta kontakt med fakultet

Informasjon om koronaviruset

HVL følgjer situasjonen tett og held seg til Folkehelseinstituttet og UD sine råd til ei kvar tid.

Sjå nettsida til HVL med informasjon om koronaviruset