Informasjon om praksis for studentar ved FLKI

Praksisadministrasjonen er no i gang med planlegging av praksis for neste studieår. Planlegginga tek utgangspunkt i tilnærma normal drift.

Denne sida er oppdatert 29. mai

27. mai kom regjeringa med nye rettleiarar med trafikklysmodell. Det betyr at barnehagane og skulane på noverande tidspunkt kan planlegge for gult lys til hausten. Dersom smitten i samfunnet endrar seg, må dei vere førbudd på at tiltaksnivået kan skifte til raudt eller grønt. Det er helsemyndigheitene som avgjer om trafikklyset skal skifte, ikkje skulane sjølve.

Informasjon om kva som vil gjelde for ditt studium vil kome på praksisnettsidene i slutten av juni.

Info om praksis våren 2020

19. mars gav regjeringa høgare utdanningsinstitusjonane høve til å sette i verk tiltak som sikrar at studentar får vitnemål og ikkje blir forsinka i studieløpet sitt.

På grunn av den ekstraordinære situasjonen har dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett no vedtatt unntak i rammeplanstyrt praksis for våren 2020.

Vedtaket er gjort etter ei grundig fagleg vurdering av at det er fagleg forsvarleg å akseptere fråvær ettersom studentane arbeider med å oppnå det totale læringsutbyttet på andre måtar enn ved å gjennomføre ordinær praksis.

Kva betyr vedtaket for meg som student?

  • Er du student i ordinært studieløp kan du få godkjent koronarelatert fråvær på til og med 15 prosent av totalt tal praksisdagar i ditt studieprogram.
  • Er du student i ordinært studieløp og har over 15 prosent koronarelatert fråvær, får du kompenserande arbeidskrav som sikrar at du kan dokumentere oppnådd læringsutbytte. Dei studentane det gjeld vil få beskjed.
  • Er du student med varsel om fare for ikkje bestått praksis eller under særskilt skikkavurdering, må du gjennomføre ordinær praksis når det blir mogleg, men du skal ikkje bli forhindra frå å halde fram med studiet ditt.

Alle studentar vil seinast 1. april få nærare informasjon i Canvas om kva som gjeld for dei.

NB: Studentar som ikkje føl ordinært studieløp må ta kontakt med praksiskoordinator innan 3. april for å få avklart vidare praksisløp.

Vurderingsgrunnlag

HVL har bedd skular og barnehagar som har vurderingsgrunnlag for studentar som har deltatt i ordinær praksis og/eller alternativ praksis, om å gi det til studentane som grunnlag for vidare utvikling og læring.

Skular og barnehagar som har hatt studentar så lenge i praksis at dei meiner å ha grunnlag for å gi varsel om fare for ikkje bestått, skal formidle slik informasjon til studentane. Alle studentar skal ha slik informasjon seinast 3.april.

Ulik situasjon for studentane

HVL er glad for at fleire praksisplassar har lagt til rette for alternativ praksis for mange av studentane, men har også forståing for at mange praksisplassar har hatt vanskar med å legge til rette for studentpraksis når skular og barnehagar har vore stengt.

Nokre studentar har:

  • tatt del i digital undervisning i grunnskulen.
  • tatt del i omsorgspraksis i skule eller barnehage.
  • fått alternative arbeidskrav tilpassa situasjonen.

Dette har gitt studentane unike læringserfaringar dei kan ta med seg vidare i livslang læring. Andre har dessverre ikkje fått tilgang til praksis eller har til dømes måtta prioritere omsorg for eigne born. Vedtaket som no er fatta vil difor slå ulikt ut for ulike studentgrupper.

Vi håpar på forståing for det og vil med dette takka tillitsvalde studentar som har samarbeid med oss om å fatte vedtaket.

Ps: Vi oppmodar studentar til å fullføre planlagd alternativ praksis dersom det er mogleg å kombinere med undervisning og eksamensførebuing ved HVL.