Under opphaldet

Dette må du passe på medan du er på utveksling.

Kontaktopplysingar

Så snart du har fått deg bustad i vertslandet, må du oppdatere opplysingane dine i Studentweb. Mange norske ambassadar og konsulat ønskjer at norske statsborgarar skal registrere seg hos dei. Som ein hovudregel bør du registrere deg ved lengre opphald i alle land utanfor Europa/ Nord-Amerika.

Registrering gjer du online via reiseregistrering.no.

Endringar i førehandsgodkjenninga

Dersom det oppstår endringar i studieplanen din ved vertsinstitusjonen, må du søke om ny godkjenning. Eventuelle endringar kan elles føre til at du ikkje får godkjent opphaldet inn i studieprogrammet når du kjem heim. Du må også melde frå dersom du vurderer å avbryte eller utvide utvekslingsopphaldet.

Avbrutt utveksling - trekk

Dersom du vel å avbryte utvekslingsopphaldet ditt og reise heim, må du først informere vertsinstitusjonen din om dette og deretter gje beskjed til HVL. Det gjer du ved å ta kontakt med studieveileder på fakultetet ditt og din fagleg kontaktperson.

Karakterutskrift

Før du reiser heim må du ordne med fagleg dokumentasjon for opphaldet ditt frå vertsinstitusjonen. Karakterutskrift eller stadfesting kan du enten få med deg, eller den kan sendast direkte til oss frå vertsinstitusjonen. Denne dokumentasjonen vil legge grunnlag for endeleg fagleg godkjenning etter opphaldet og innpassing ved HVL.

Skal du på praksisutveksling utenom Erasmus, og du ikkje får karakterutskrift frå opphaldet, må du få med ei stadfesting av at praksisopphaldet er gjennomført. Kontakt praksiskontoret for å få skjema for godkjenning før du reiser.

Confirmation of stay

Dersom du er Erasmusstudent, vil HVL trenge stadfesting på at du har fullført eit utvekslingsopphald gjennom Erasmus+ programmet. Ta kontakt med internasjonal koordinator på vertsinstitusjonen din og be hen fylle ut skjemaet vårt. Skjemaet returnerer du til din sakshandsamar på epost.

Last ned skjema Confirmation of Stay (pdf)

Tryggleik

Det er viktig at du tar vare på deg sjølv og medstudentane dine medan du er på utveksling. Les meir om tryggleik og beredskap.

For å forberede deg på å reise bør du lese meir om tryggleik og beredskap på sikresiden.no