Hopp til innhald

University of Silesia in Katowice

University of Silesia er eit av dei største offentlege universiteta i Polen, med over 28 000 studentar. Haustsemesteret i Polen startar i byrjinga av oktober og varer til midt i februar. Vårsemesteret startar midt i februar og varer til slutten av juni.

Gjeld for

Campus Sogndal.

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Som Erasmus+ -student betalar du ikkje studieavgift til den utanlandske institusjonen, tvert imot får du eit Erasmus+-stipend i tillegg til støtta frå Lånekassen.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL