University of South Bohemia

University of South Bohemia i Ceské Budéjovice er eit offentleg universitet med om lag 11 000 studentar. Haustsemesteret varer frå midten av september til midten av februar, mens vårsemesteret varer frå midten av februar til midten av juni. Byen Ceské Budéjovice ligg i regionen Sydböhmen i Tjekkia og er mellom anna kjend for bryggeriet Budějovický Budvar som lagar ølmerket Budweiser Budvar.

Gjeld for

Studiestad Sogndal

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet.

Språk

Det er krav om B2 eller betre i engelsk. Alle som reiser på Erasmus+ utveksling må ta språktest på nettet før dei reiser. Internasjonalt kontor informerer deg mer i forkant av testen.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved fakultetet du tilhøyrar. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere mens du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.