Moscow Pedagogical State University

Moscow State Pedagogical University ligg i Moskva, hovudstaden i Russland. Universitetet har røter attende til 1872 og var Russland sitt fyrste universitet for kvinner.

Universitetet har i underkant av 20 000 studentar, fordelt på fleire campusar. Undervisningsspråket er russisk, med fag på engelsk for utvekslingsstudentar. Utvekslingsavtalen mellom HVL og MSPU gjeld for studentar i GLU 5-10 med matematikk i fagkretsen og gjev 30 studiepoeng og praksis ved ein eller fleire skular i Moskva. Både emna og praksis er førehandsgodkjente som del av grunnskulelærarutdanninga ved HVL. Nokre partnarskuler har relativt høgt nivå av engelsk og vil legge til rette for at HVL-studentar får undervise på engelsk.

Emna studentane kan velje i har fokus på statistiske metodar i forsking, matematisk analyse i skulen, og matematisk modellering med bruk av digitale verktøy. Dei som ynskjer får høve til å prøve ut problemløysing i klasserommet saman med ein erfaren rettleiar. Studentane får høve til å samle data for FoU-oppgåva i praksisskulene i Russland.

Gjeld for

Haust 3. semester eller vår 6.semester ved GLU 5-10 med matematikk som fag 1 (erstattar MGUMA301 og MGUMA401).

Praktiske forberedelser

Norske studentar må ha studentvisum for å studere ved MSPU. Visum vert gitt av den russiske ambassaden i Oslo.

Språk

Undervisningsspråket for emna som vert tilbydde norske studentar er engelsk. Det er inga krav til språktest. I praksisskulane vil det verte blanding av russisk/engelsk, men det vil alltid vere nokre av skulen sine tilsette til stades som kan omsetje språket og svare på spørsmål.

FoU-oppgåva kan verte skrive på norsk eller på engelsk – studenten avgjer sjølv. Oppgåva vert vurdert saman med øvrige FoU-oppgåver i MGUMA401.

Studieavgift

Det er inga studieavgift for HVL-studentar som studerer ved MSPU. Studentar som reiser i 2020 får eit ekstra stipend på kr 2 700 pr mnd.

Faglig godkjenning

Både emne og praksis ved MSPU er førehandsgodkjente som del av grunnskulelærarutdanninga ved HVL.