Vil dele reisegleda med andre

Christoffer Bratten (24) frå Bergen har reist mykje gjennom heile livet, og derfor var det heilt naturleg at studievalet skulle bli reiselivsleiing.

Ei av dei viktigaste årsakene til at Christoffer valde Sogndal, var det gode ryktet til studentmiljøet.

– Det beste med å bu i Sogndal er studentmiljøet. Her blir ein fort kjent med både eigen klasse og studentar frå andre studium.

Sogndal er kjent for flott og variert natur, noko Christoffer også har fått moglegheit til å bli godt kjent med.

– Det er ingen mangel på turmoglegheiter i Sogndal. Her har du naturen like utanfor hybelen og skulen. Det er det ikkje alle som kan skryte av at dei har!

Variert innblikk i reiselivet

Undervisninga er ei god blanding av administrasjonsfag og reiselivsfag. Dette gjer studiet både variert og spennande.

– Ein får eit godt innblikk i korleis reiselivet er bygd opp, og korleis ein kan ta i bruk omgivelsane og bruke dei til noko positivt. 

– Eg har vore så heldig å skaffa meg ein relevant jobb ved sidan av studiet på eit hotell i Norefjell. Dette gjer at eg kan ta med meg erfaringane eg får herfrå inn i studiet.

Ekskursjonar til spennande destinasjonar

Kva er det kjekkaste med studiet? 

– Det beste er at klassane ikkje er så store. Vi har utvikla eit utruleg godt klassemiljø.

Ekskursjonar til ulike reiselivsdestinasjonar er ein viktig del av studiet. Første året til Christoffer reiste dei til Flåm og Lærdal. Her fekk dei moglegheit til å sjå og oppleve det destinasjonen har å by på. I Flåm blei høgdepunktet moglegheita for å teste ut Nordens lengste zipline.

Og kva er det mest krevjande?

– Studiet krev at ein brukar ein del kreativitet og fantasi inn i både fag og eksamenar. Dette har vore ein av dei mest krevjande delane for meg, men det er også det som har gjort det så spennande å jobbe med.

Vil du anbefale studiet til andre?

– Eg vil anbefale reiselivsleiing til dei som er glad i å reise, og som ønskjer å gi andre ei god reiseoppleving. Det er nok mange som trur at når ein utdannar seg innan reiseliv, betyr det at ein utdannar seg til å bli guide. Men dette stemmer ikkje! Med denne utdanninga kan ein jobbe veldig breitt, for eksempel med tilrettelegging av reiselivet for ein kommune, drifte ei reiselivsbedrift eller jobbe i ulike administrative avdelingar ved eit hotell.

Høyres dette ut som noko for deg? Les meir om bachelor i reiselivsleiing eller årstudium i reiselivsleiing