Vil bidra til å gjere kvardagen til andre betre

Johanne Fridtun (23) skulle berre ta eit årsstudium i sosiologi, men etter eit år var ho blitt så nysgjerrig på faget at ho valde å fortsette på bachelorstudiet.

At studiestaden skulle bli Sogndal for Johanne var ikkje heilt tilfeldig, sidan det er her ho har vakse opp. Det at ho alltid har trivdes på heimplassen sin, gjorde det lett å velje Sogndal når ho skulle begynne å studere.

– Noko av det beste med Sogndal er at det både er stort og lite på same tid. Ein har alt ein treng på ein stad.

Naturen spelar naturlegvis ei stor rolle når ein vel Sogndal som studiestad. Frisk luft og lett tilgang til natur står høgt oppe på verdilista til Johanne.

Få eit språk på ting ein tar for gitt

Johanne var ei av dei som ikkje visste heilt kva ho ville studere. Årsstudiet i sosiologi var eit litt tilfeldig val, men det viste seg å vere ein fulltreffar. No bygger ho på med ein bachelor i nettopp sosiologi.

– Det kjekkaste med studiet må vere at det er spennande å få eit språk på samfunnsfenomen og ting ein tar for gitt. 

– Forelesarane har ei genuin interesse for oss studentar og kva vi tenker om ulike tema, både i klasserommet og utanfor. Det er viktig og godt å føle at ein blir høyrt og sett.   

Kan du fortelle litt om kva sosiologistudiet går ut på? 

– Sosiologi kan vere litt vanskeleg å forklare. Sosiologi handlar mykje om samspelet mellom menneske og å kunne forklare komplekse samfunnsspørsmål. Ein lærer om samfunnet og korleis menneske blir forma av og sjølv bidreg til å forme samfunnet. Blant anna får vi kunnskap om korleis ulike faktorar påverkar menneske til å ta ulike val, og korleis dette speler inn på kvifor nokon meistrar t.d. skulen betre enn andre.

Å få vere i praksis var berikande

Korleis foregår undervisninga?

– Den er veldig varierande, og fungerer godt. Me har hatt både vanlege forelesingar, framføringar og gruppearbeid. Ei blanding av dette gir optimal læring for meg, og det er noko for einkvar smak. Me har også vore så heldige å få vere i praksis. Det var berikande. 

Kva opplever du som det mest krevjande ved studiet? 

– Det mest krevjande er at det ikkje er eit svart-kvitt svar på det me lærer om. Ein kan ikkje berre pugge eit svar til eksamen, men er nødt til å gi mykje av sine eigne tankar. 

Johanne har enno ikkje bestemt seg heilt for kva ho ønskjer å arbeide med etter studiet. Ho håpar å kunne bruke den sosiologiske kunnskapen ho har tileigna seg, og kunne bidra til å gi andre menneske ein betre kvardag.

Vil du anbefale studiet til andre?

– Absolutt! Det er veldig interessant, og eg brukar ofte kunnskapen eg lærer i samtalar med andre, og ser verdien av å ha eit sosiologisk blikk på saker.