Kjekkast med forsøk i brannlaben
Hågen Solbakken (23) fekk tilfeldigvis høyre om branningeniørstudiet gjennom ein venn av familien. Han har ikkje angra på at han valde Haugesund og branningeniør.
Navn: Hågen Solbakken
Campus: Haugesund
Utdanning: Bachelor i branningeniør
–Branningeniørutdanninga er spennande fordi eg blir utfordra til å bruke teoretisk kunnskap til å utvikle system som tar vare på samfunnstryggleiken. Eg får tilfredsstilt ønskjet mitt om å jobbe med noko praktisk, samtidig som eg får utfordra meg på teoretiske oppgåver.
Hågen, som er frå Elverum, har lenge hatt interesse for brann, og den store draumen var å bli brannkonstabel. Men utan fagbrev og tilstrekkeleg arbeidserfaring er det vanskeleg å få ei slik stilling på heiltid.
Bekymra for høgt mattenivå
– Eg fekk tilfeldigvis høyre om branningeniørutdanninga gjennom ein familievenn, og etter litt søking på nettet fann eg fort ut at dette kunne vere noko for meg. Med eit dårleg realfagleg utgangspunkt frå vidaregåande var eg redd for at eg ikkje kom til å klare matte- og fysikkfaga på høgskulenivå. Men det viste seg å vere heilt feil. Etter eit forkurs med grunnleggande matte og fysikk, og ved hjelp av flinke lærarar på høgskulen, opplevde eg raskt meistring i desse faga. Dette la eit godt grunnlag for dei meir spesifikke brannfaga som eg no syns er veldig spennande.
Kjente fjes overalt
– Kva er det beste med å bu i Haugesund?
–Det eg likar best med Haugesund er at det er ein liten by. Ein møter kjente fjes overalt, enten ein går i gangane på skulen, i gågata i byen eller i turområdet Djupadalen. Bustadmarknaden for studentar er veldig bra, då Studentsamskipnaden har studentbustader både midt i sentrum og i meir naturnære område. Dersom du vil leige privat er prisane låge samanlikna med større studentbyar.
– Korleis er studiet lagt opp?
– Det første året hadde vi grunnleggande ingeniørfag, mange av dei i lag med dei andre ingeniørlinjene på skulen. Deretter begynte vi med branntekniske fag. Vi har blant anna lært korleis branntryggleik skal prosjekterast i nye bygg, vi har brukt dataprogram til å teikne og simulere brann, og vi har vore mykje på brannlabben der vi har sett teori ut i praksis.
Hågen seier undervisninga består av forelesningar, rekneverkstader, lab-øvingar, diverse demonstrasjonar og innleveringsoppgåver.
Får sjå det praktiske bak teorien
– Kva er det kjekkaste med studiet?
– Det kjekkaste med studiet er forsøka i brannlabben, som er her på campus. Det er veldig lærerikt å få sjå det praktiske bak teorien. Men det beste i kvardagen er klassekameratane mine som eg brukar mykje tid saman med, både på og utanfor skulen. Det er lettare å vere student når ein har nokon å jobbe saman med.
– Kva er det mest krevjande?
– For meg har det mest krevjande vore matte! Med eit dårleg utgangspunkt brukte eg mykje tid på å forstå «mattespråket». Men innsatsen ga god uttelling og då eg kom opp på eit visst nivå vart det veldig kjekt. No har eg både vore hjelpelærar i matte i kullet etter meg, og fått deltidsjobb som realfagshjelp på vidaregåande.
Einaste branningeniørutdanning i landet
Hågen vil gjerne jobbe med brannprosjektering av nybygg når han er ferdig med studiet.
– På lang sikt ønskjer eg å jobbe i administrasjonen i eit brannvesen, men då treng eg meir erfaring og kunnskap.
Haugesund er den einaste plassen i landet som tilbyr branningeniør-utdanninga, og studentane er difor ettertrakta på jobbmarknaden meiner Hågen. Studentlivet i Haugesund vil han også anbefale.
– Eg har hatt ei veldig fin studietid i Haugesund. Studentidrettslaget HSI, tur- og klatregruppa Studkick, dykkegruppa Studdykk og studentsamfunnet Stødden tilbyr mange aktivitetar på kveldstid og i helgane. Studentmiljøet i Haugesund har noko for alle!
Høyres bachelor i branningeniør ut som noko for deg? Les meir på studiesida.