Lett å bli kjent med folk

Andreas (25) studerer byggingeniør i Førde. Han likar at det er små klassar som gjer det lett å henge med i timen og spørre om det ein lurer på.

Navn: Andreas Øsleby
Campus: Førde
Utdanning: Bachelor i byggingeniør 

Andreas kjem frå Osterøy utanfor Bergen, og har fagbrev som betongarbeidar. Han valde campus Førde fordi han likte tanken på å studere på ein liten plass.  

– Eit lite studentmiljø passa meg bra fordi det då er lettare å bli kjent med andre. I Førde er det kort veg til fjellturar, flinke lærarar og små klassar som gjer det lett å henge med i timen og spørre om noko ved behov.

Fordelen med ein liten skule er at du også blir kjent med folk frå andre studium og andre årskull.

– I klassen min er det ei jamn blanding av folk med yrkesfagleg og allmennfagleg studiebakgrunn. Det at vi har ulike erfaringar gjer at vi kan reflektere rundt det vi lærer frå ulike ståstader, noko som er veldig positivt for læringa.

Blanding av digital og fysisk undervisning

Studiet består av både generelle ingeniøremne som matematikk og systememne, i tillegg til konkrete byggemne som infrastruktur og byggeplassdrift.

– I ingeniørfaga har vi hatt lokale forelesarar i Førde. I byggfaga har vi hatt digital overføring frå Bergen saman med byggstudentane der, i tillegg til at forelesarane kjem til Førde av og til og har eigne forelesningar for oss. Vi har også vore på synfaring på byggeplassar og hatt gjesteforelesingar frå folk i bransjen. Vurderingsformene har variert med faga, men det har stort sett vore obligatoriske innleveringar i samband med munnleg eller skriftleg eksamen.

Feltkurs til Værlandet

Kva har vore det kjekkaste?

-I andre klasse reiste vi på feltkurs til Værlandet. Her fekk vi prøve praktiske verktøy og samarbeide for å løyse oppgåver.  

Og kva er det mest krevjande?

Med mykje digital undervisning kan det vere vanskeleg å finne motivasjon til å jobbe med pensum. Fritidstilboda har også vore stengt ned store delar av dette året. Det har difor vore veldig kjekt å kunne jobbe i lag i grupper i klassen, og finne på ting i lag med dei andre på hybelen.

Andreas ønskjer å jobbe innanfor vegplanlegging og vegbygging når han er ferdig med studiet. Han har også skaffa seg ein hobby på si. 

– Eg og nokre kameratar kjøpte oss båt i fjor. Det har blitt ein del fine turar på Førdefjorden, sjølv om verken veret eller fangsten har vore noko å skrive heim om!

Er dette studiet noko for deg? Du kan studere byggingeniør ved våre campusar i Førde og Bergen. I Førde tilbyr vi også y-veg.