Fredrik kapra drøymejobben

Masterstudiet i innovasjon og entreprenørskap gav Fredrik Broch Elgaaen kompetansen han trengte for å vinne drøymejobben som strategisk rådgjevar i Knowit.

– Masteren i innovasjon og entreprenørskap gav meg eit breiare perspektiv der eg lærte å sjå ting frå ulike sider. Først og fremst gav den meg ei viktig verktøykasse for å reflektere og analysere problem, fortel Fredrik.

I skjæringspunktet mellom IT og forretning

Med ein bachelor i informasjonsteknologi i lomma ville Fredrik utvide kompetansen. Då fall valet naturleg på innovasjon og entreprenørskap ved HVL.

– Eg hadde lyst til å jobbe i skjæringspunktet mellom IT og forretning. Eg ville vere med å definere strategiar, ikkje bare drive utvikling basert på bestillingar.

Og utdanninga  gav han dei moglegheitene han drøymde om. Etter studiet fekk han jobb som strategisk rådgjevar i kommunikasjons- og teknologibyrået Knowit.

– Her jobbar eg litt som prosjektleiar, litt som rådgjevar og litt som seljar. I dei siste åra har eg jobba med helseforsikring i Storebrand der eg har leia eit team som har utvikla to appar for verksemda. I tillegg rådgir eg leiinga på IT-strategi, fortel han.

Eg synest det er stimulerande å jobbe med folk som nødvendigvis ikkje er einig med meg, eller har som har andre måtar å sjå ting på.

Fredrik Broch Elgaaen

Stor interesse frå bedrifter

I masteroppgåva skreiv han om bruk av kunstig intelligens for å føreseie flytting av bustadlån, med Sbanken som case. Den gode kontakten som utdanninga har med næringslivet gir studentane fleire spennande moglegheiter, meiner Fredrik.

– Det var stor interesse frå bedrifter for å få studentar til å skrive masteroppgåver om problemstillingar knytt til deira verksemd. Som student blir det ekstra spennande når ein får jobbe med eit konkret case hos ei bedrift, forklarer han.

Masterstudiet i innovasjon og entreprenørskap passar for alle som har ingeniørutdanning, men også andre som har realfagleg utdanning kan søke.  Som student får ein dermed treffe folk som har ulik fagbakgrunn.  

– Eg synest det var spesielt kjekt å ha fag saman med økonomar og ulike ingeniørar. Det gjorde at vi kom inn i gruppa med fleire tankesett. Eg synest det er stimulerande å jobbe med folk som nødvendigvis ikkje er einig med meg, eller har som har andre måtar å sjå ting på, kommenterer han.

Utvekslingsmoglegheiter

Som ein del av studiet hadde Fredrik også eit opphald i Houston.  Utdanninga har samarbeid med Gründerskolen som gir ei unike moglegheit for å få internasjonal erfaring i spennande fagmiljø.  

– Under opphaldet jobba eg i ulike bedrifter og besøkte ulike oppstartsbedrifter. I tillegg fekk eg kurs på eit spennande universitet. Å møte nye kulturar er veldig lærerikt og utveksling er absolutt å anbefale, avsluttar han.