Læraryrket låg i korta

Erlend Stabæk flytte til Vestlandet for kjærasten. No tar han dei første stega mot draumejobben som lærar.

– Begge foreldra mine er lærarar, så det var eit naturleg val for meg. 

Erlend Stabæk må ikkje tenkje hardt for å komme fram til eit svar på kvifor han valde å begynne på studiet for grunnskulelærar for 1.–7. trinn. Det er kanskje noko som alltid låg i korta. Han fortel at han i ung alder begynte å tenkje på korleis han kunne bli ein god og rettferdig lærar.

– Eg håpar òg å motivere ungar som er på farten, seier han og ler, og røpar samtidig at han sjølv var ein aktiv elev som føretrekte dei praktiske faga der han ikkje måtte sitte stille med nasen i ei bok.

25-åringen er i gang med det første semesteret og stortrivest på Stord. 

– Grunnen til at eg enda opp her, var å flytte nærmare kjærasten min som er frå Haugesund, seier han, og legg til at han har funne seg til rette med nye venner og plass på eit fotballag.

Guten frå Kirkenes heilt ytst i nord er langt heimefrå, men føler seg heime på vesle Stord. For han er det akkurat passe stort.

– Det er ei utruleg flott øy med natur på alle kantar. Dessutan er det ganske lett å komme i kontakt med folk her på Vestlandet, seier Erlend, som ikkje har tenkt å flytte på seg med det første.