Christian utforskar norskfaget med master på Stord

Christian Bjørgen jobbar til vanleg ved Kvinneherad vidaregåande skule. Han valte master i kreative fag og læreprosessar for å kunne fordjupe seg i faget han underviser mest, nemleg norsk.

– Denne masterutdanninga legg vekt på det kreative og didaktiske, så det appellerte til meg, fortel 31-åringen frå Halsnøy i Kvinnherad.

Frå før har Christian tatt den fireårige grunnskulelærarutdanninga, i tillegg til enkeltfag. Seinare fann han ut at han ville bygge på med master i kreative fag og læreprosessar ved HVL på campus Stord.  

– Ved å ta masterutdanning på Stord kan eg kombinere jobb og studium, sidan eg bur og arbeider i Kvinnherad, fortel han.

Avløyste sin eigen kontaktlærar

Læraren har sjølv hatt både svært gode og svært skuffande lærarar, og hugsar godt at den vidaregåande skulen har sjølv gjekk på, hadde rykte på seg for å ha ein utdatert lærarskare.

– Eg valde læraryrket mellom anna for å vise at "det finst unge, gode lærarar og!". Det som nesten var litt poetisk i det heile var at då eg starta i jobben min i 2012, så avløyste eg min eigen kontaktlærar og norsklærar på tredje vidaregåande, som var ein av dei som motiverte meg til å velje læraryrket.

Christian skildrar læraryrket som variert og spennande.

– Ingen dagar, veker og år er like. Eg arbeider på fleire avdelingar og det gjer at eg får ein svært variert arbeidsdag med ulike fag og klassar. På ein dag kan eg vere innom alt frå analyse av Ibsen på tredje vidaregåande, til skriving av jobbsøknadar på yrkesfag.

Kjekt å høyre andre studentar sine perspektiv

Masterutdanninga i kreative fag og læreprosessar på Stord er lagt opp med samlingar både fysisk og digitalt, og oppgåver mellom samlingane. 

– I tillegg har studiegruppa mi i år hatt ein del uformelle samlinga via Messenger, Zoom og etter skuletid for å treffast, diskutere oppgåver eller utveksle idear. Sjølve samlinga er stort sett to til tre dagar med forelesningar og litt gruppeaktivitetar.

– Kva synest du er det kjekkaste og det mest krevjande med denne masterutdanninga?

– Det er veldig kjekt å få samarbeide med andre studentar som har andre erfaringar og perspektiv. I tillegg har vi utruleg kjekke forelesarar, rettleiarar og gjestar! Det mest krevjande er nok alle gjeremåla kor mange til tider kjennest tunge og lite naudsynt, men ein ser nytteverdien i etterkant.

– Kva ønskjer du å jobbe med når du er ferdig med studiet?

– Eg ønskjer å halde fram i mitt yrke som lærar på vidaregåande skule!

Høyrest dette ut som eit spennande studium? Høgskulen på Vestlandet tilbyr utdanninga master i kreative fag og læreprosessar på campus Stord. Her har du valet mellom fordjuping i kunst og handverk, norsk eller musikk.