Draumen er å etablere eige selskap

Adrian Helgheim (24) var klar for arbeidslivet etter fullført bachelor i økonomi, administrasjon og eigedomsmekling i Sogndal. Så dukka det opp ei ny og spennande masterutdanning.

Etter å ha studert i Sogndal i mange år, var Adrian klar for arbeidslivet. Ein ny master i økonomi gjorde imidlertid at studentlivet blei forlenga litt til, og no studerer han Master in Science of Business, som gir tittelen siviløkonom.

Viktig med eit godt studentmiljø

Då Adrian tilbake i 2016 skulle velje studiestad, var det avgjerande med eit godt studentmiljø og ein plass der han kunne drive med interessene sine.  

– Sogndal har aldri skuffa meg, og eg har trivst svært godt som student her.

Adrian har no budd i Sogndal i 5 år, og skal snart ta fatt på sitt siste studieår ved HVL.

Noko av det som har gjort at han har trivst så godt i Sogndal, er at han har hatt alle moglegheiter tilgjengeleg på eit relativt lite område. Campus og bygda ligg i tett tilknytting til kvarandre,og avstandane mellom fritidsaktiviterar og skule er kort.   

– I Sogndal er det noko for alle, og det er også ein av grunnane til at eg trur studentane her bidrar til eit så sosialt og kjekt studiemiljø. 

Tett oppfølging

– Lærarane er dyktige til å koble undervisninga opp mot aktuelle saker, noko som gjer det lettare å forstå pensum.

– Når vi skriv oppgåver får vi alltid god oppfølging, og det gir ei tryggheit for oss studentar om at arbeidet vi leverer er av god kvalitet. Å studere master er krevande, og det blir stilt krav om at ein er strukturert og jobbar jevnt og trutt over tid.

Praksisperiode på 10 veker

I andre semester ved masterstudiet har ein 10 vekers praksis hos ei valfri bedrift.

– Derfor er eg veldig glad for at vi på masterstudiet får heile 10 veker med praksis. Eg var så heldig å fekk praksisplass hos Privatmegleren Sogn. Her fekk eg nytta teorien eg hadde lært og fekk utforske karrierevegen eg ønskjer å gå. I tillegg får ein også moglegheit til å skaffe gode kontaktar til ein skal ut i arbeidslivet.

Kva ønskjer du å jobbe med etter fullført studium?

– Som utdanna siviløkonom har eg mange moglegheiter når eg skal søke jobb. Personleg har eg veldig sansen for eigedomsmekling, og håpar å jobbe innanfor den bransjen i starten av karrieren min. Draumen er å etablere eige selskap – det er mitt personleg karrieremål!

3 raske om  Master of Science in Business

Kva er det kjekkaste med studiet?

– Det kjekkaste er at eg får utforske problemstillingar som interesserer meg. Vi har mykje gruppearbeid, vi blir godt kjent med kvarandre og blir gode på samarbeid. Å studere master gir deg ei moglegheit til å verkeleg gå i djupna på fagstoffet, noko eg synest har vore veldig motiverande og lærerikt.

Kva har vore det mest krevande?  

– Overgangen frå bachelor til master var stor. Det blir stilt større krav til omfang og kvalitet i arbeidet. Men når ein verkeleg legg arbeid og innsats i noko, er det desto kjekkare å levere og sjå resultatet av det.

Vil du anbefale studiet til andre?

– Absolutt! Her får ein utfordra seg sjølv på alle måtar i lag med dyktige lærarar og ivrige medstudentar. Til alle som interesserer seg for marknadsføring, innovasjon, og det å finne det neste «nye», vil dette studiet vere midt i blinken!  
 

Høyrest dette ut som noko for deg? Les meir om Master of Science in Business i Sogndal.