Med havet som arbeidsplass

Andreas (27) frå Bergen har frå han var heilt liten, elska å vere i båt og ved sjøen. Ved å studere nautikk kan draumen om å ha havet som arbeidsplass, reise jorda rundt på jobb og navigere store skip bli ein verkelegheit.

Hovudgrunnen til at Andreas valde å studere nautikk i Haugesund var at studiet fekk gode tilbakemeldingar frå tidlegare studentar, men også mykje på grunn av informasjonen han kunne finne på HVL si  heimeside. Her fann han ein inspirerande video frå kvardagen til nautikkstudiet, som de kan sjå her.

Andreas kjende ikkje så godt til byen før han begynte å studere her, men fann fort ut at Haugesund var ein hyggeleg by med godt utval av shopping, restaurantar, utestadar og masse turmoglegheiter.

- Det beste med å bu i Haugesund er definitivt det gode miljøet på skulen. Campus har veldig gode fasilitetar med tanke på grupperom, lesesalar, kantine og bibliotek. Det er derfor lett å bli kjent med medstudentar og saman komme seg gjennom ein travel studiekvardag.

Studiedag med blanding av praktisk og teoretisk undervisning

Kan du fortelle litt om korleis studiet er lagt opp?

– Nautikkstudiet er lagt opp på ein slik måte at alle studentar ved fullført studium kan ta D1-sertifikatet. Dette er det høgste sertifikatet ein kan ta innanfor skipsfarten. Studiekvardagen er ei blanding av teoretiske og praktiske fag og dei kursa som er nødvendig ombord på eit skip. Som nautikkstudent får du køyre simulator allereie frå første semester, samtidig som du lærer deg viktige emne som lasteteknikk, skipsstabilitet og mykje meir.

– Eg trur dei fleste, inkludert meg sjølv, synest at dei praktiske øvelsane definitivt er det kjekkaste med å gå på nautikk. Det er på simulatorsenteret at ein får ein smak på korleis livet til sjøs ser ut. Det er også veldig kjekt med fag ein veit er veldig relevante til arbeidslivet.

Nasjonalt samarbeidsprosjekt

Andreas har også fått moglegheit til å representere HVL i eit stort nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom dei utdanningsinstitusjonane i Norge som tilbyr Nautikk & Maskinistutdanning. Prosjektet har fått namnet COAST.

– Målet med prosjektet er å sørge for at me i Norge kan tilby verdas beste simulatorutdanning for maritime studentar. Dette synes eg har vore utruleg gøy å få lov til å vere med på ved sidan av studiet.

Gode lærarar med praktisk erfaring

Kva har vore det mest krevjande med studiet?

– For meg var det i starten definitivt møtet med realfag som fysikk og matematikk. Men med gode lærarar og hardt arbeid, så gjekk dette heilt fint.

Andreas innrømmer at det til tider kan vere ganske travelt. Nautikkutdanninga krev at alle studentar tar ein del kurs parallelt med dei vanlege faga. Derfor anbefalar han at ein jobbar kontinuerleg med faga gjennom semestera.

Vil du anbefale studiet til andre? 

– Eg kan absolutt anbefale nautikkutdanninga for dei som kan tenke seg ein jobb i den maritime næringa. Det er eit spanande og fartsfylt studium kor du lærer utruleg mykje på kort tid. Næringa er i utvikling heile tida, og kjem til å trenge mange nye dekksoffiserar i tida som kjem.

– Ein spesiell ting som gjer nautikk så kjekt, er at me har mange dyktige lærarar som sjølv har jobba på sjøen og veit hva som ventar oss. Dette gjer at øvingane me har kjennest veldig «ekte», og me har eit godt utgangspunkt den dagen me endeleg mønstrar på eit stort skip.

Kva ønskjer du å jobbe med når du er ferdig med studiet? 

– Eg byrja å studere nautikk for å bli styrmann og kanskje kaptein ein dag, men eg har også forstått at ein kan bruke utdanninga til så mykje meir. Skulle du ein dag bestemme deg for å jobbe innanfor den maritime næringa på land, finst det eit hav av moglegheiter - og det er godt å vite.

– Ein annan ting eg er blitt veldig interessert i under mi tid ved HVL, er autonome skip og framtidas teknologi. Dette er også ei retning som eg synes er spanande. Men først og fremst skal eg segla som styrmann i nokon år!

Høyres bachelor i natuikk ut som noko for deg? Les meir på studiesida.