Naturopplevingar like utanfor døra

Lars Røyrhus (21) frå Strand på Sunnmøre, har jobba fleire sesongar som breførar i Jostedalen. Difor var det eit naturleg val for han å velja Natur- og opplevingsbasert reiseliv for å kopla teorien til praksis.

Kan kombinere skiglede og studium

Valet av Natur- og opplevingsbasert reiseliv i Sogndal gav Lars moglegheit til å kombinere gleda si for ski og ein spennande studiekvardag.

– Det var sjølvsagt fleire ting som avgjorde studievalet mitt, som nærheit til familie, eit aktivt studentmiljø og at Sogndal var einaste staden som kunne tilby ønska studieretning.

Kva er det beste med å bu i Sogndal?

– Det beste med å bu i Sogndal er at eg alltid har ein aktivitet å drive med uansett vær. Du kan stå på ski når det er snø, klatre når det er sol, padle i elva når det regnar, og om det generelt er drittvær tek ein seg ein velfortent kviledag.

Lærer å handtere både økonomi og guiding

For Lars har noko av det kjekkaste med studiet vore at han framleis har hatt nok fritid til å halda på med fritidsinteressene sine. Når det gjeld det faglege er det spesielt økonomi og investeringsanalyse som har interessert han. Difor vurdera han å studera vidare innanfor økonomifaget når han har fullført sin bachelor i Natur- og opplevingsbasert reiseliv.

– Studiet er lagt opp slik at ein ikkje treng noko erfaring med friluftsliv eller reiseliv frå før.  Det betyr at kven som helst kan starte på dette studiet. Samtidig får dei som har ein del friluftsliverfaring frå før, tilført ein god gjennomgang av grunnleggande kunnskapar, og det skadar aldri.  

Kva er det mest krevjande ved studiet? 

– Det eg synast kan vera mest krevjande er å jobbe med skule når det er god snø eller fint vær ute.

Vil du anbefale studiet til andre?

– Eg kan anbefale studiet vidare, men ein bør vite det at studiet er veldig generelt, samtidig som det er spesialisert inn mot å tette eit kompetansehol i den norske reiselivsbransjen. I reiselivsbransjen er det mange mindre og mellomstore reiselivsbedrifter der ein ofte får fleire ansvarsoppgåver. Det at ein skal kunna handtera både økonomi og guiding, men også kunne teorien om korleis ein utviklar gode reiselivsprodukt, er gull verdt.

Høyres bachelor i Natur- og opplevingsbasert reiseliv ut som noko for deg? Les meir på studiesida.