Torstein ønskjer å ta med ungdom ut i naturen

Etter eit år på folkehøgskule med hundekøyring og friluftsliv, fann gamerguten frå byen ut kva han ville studere og jobbe med.

– For meg stod valget mellom Sogndal og Volda då eg fann ut at eg ville studere friluftsliv. Eg hadde venner som anbefalte Sogndal på det sterkaste, fortel Torstein Kyllesø.

24-åringen frå Sandnes seier at han har vore nokon lunde glad i friluftsliv til å vere ein gamergut frå byen.

– Men etter eit år på Valdres folkehøgskole på hundekjøring og friluftsliv blei interessa for friluftsliv mangedobla. Eg søkte stipendiat og enda opp på Folkehøgskolen Nord-Norge og skjønte fort at eg ønskjer å vere den som drar med seg ungdom ut for å oppleve det same som meg. Då ble bachelor i friluftsliv eit naturleg val.

Frå koseleg bålfyring til storfjellkøyring på ski

Kyllesø føler seg heldig for at han kan springe i to minutt frå døra og havne på ein sti som fører til eit fjell på over 900 meter over havet, medan det berre er 10 minutt til høgskulen.

– Det er veldig bra å ha så mange likesinna folk rundt meg som er glad i alle typar friluftsliv, frå koseleg bålfyring til storfjellkøyring på ski.

Når det gjeld oppbygginga av studiet, beskriver Torstein Kyllesø ei god blanding av praksis og teori.

– Vi lærer mykje om korleis ein skal legge opp turar og opplegg for andre. Vi har mange ekskursjonar frå padling på kysten, klatring, høgfjellsturar, skogsturar og toppturar på ski.

Praktiske ferdigheiter og formidling

Før kvar tur blir det brukt tid på turplanlegging og tid på å diskutere vala ein må ta før ein tek laust.

– På tur lærer vi mye praktiske ferdigheter samt korleis vi skal lære dei vidare til ulike grupper.

Du har planlar om å bli folkehøgskulelærar på ei friluftsliv-linje. Vil du anbefale studiet til andre?

Absolutt! Dersom du ønskjer å lære om friluftsliv i Norge og korleis bruke friluftsliv i ein skulesetting er dette noko for deg! Dersom du tenker at du berre skal gå tur og ikkje jobbe med skule, bør du kanskje tenke deg litt om. Det er mange som har gått på den smellen.

Høyrest bachelor i friluftsliv i Sogndal ut som noko for deg? Les meir på studiesida.