Sonja Waage – elektrikaren som blei lærar
Etter 16 år som elektrikar og tavlemontør, var Sonja Waage klar for eit skifte i livet. No har ho funne sin plass som adjunkt ved Nordbygdo ungdomsskule på Stord.
– Eg er heilt overtydd om at vi som lærarar har ei særs viktig oppgåve ikkje berre som solide fagpersonar, men mest av alt trygge vaksne som dei kan stole på. Lærarrolla gir mange sterke inntrykk, ikkje alt er like enkelt, og det er tårer og latter i ei herleg samrøre, seier Sonja Waage.
49-åringen frå Fitjar er glad for at ho byrja på grunnskulelærarutdanninga på Stord etter mange år i Wartsila.
– I jobben min hadde eg også ansvar for lærlingar og eg opplevde dette som givande. Tanken på å jobbe med opplæring hadde sett seg og eg valte å byrje på dåverande Høgskulen Stord/Haugesund.
Kort avstand til forelesarane
– Vil du anbefale studiet og arbeidet som lærar til andre?
– Ja, det vil eg absolutt! Trivst du med å jobbe med menneske, så er læraryrket noko for deg. Eg følte også at eg hadde ei god studietid på høgskulen. Det var kort avstand til og forelesarar, og eit godt studentmiljø. Sjølv om eg var noko eldre enn fleirtalet, fann eg meg godt til rette, og opplevde eit godt læringsmiljø.
No er Sonja tilsett som adjunkt på Nordbygdo ungdomsskule på Stord.
– Eg underviser i dei faga som eg har 60 studiepoeng i: Norsk, matematikk, kunst og handverk.
Frå fag til fjelldag
– Kva synes du er det beste og det mest krevjande med læraryrket?
– Ein av dei gode tinga er at dagane våre er veldig varierte. Vi jobbar med fag éin dag og har fjelldag neste. Alt det som kjem mellom her gjer at ein alltid har varierte dagar. Det mest negative er nok at eg alltid kjenner at eg har for lite tid. Tidsklemma er heilt reel i denne bransjen.
Waage innrømmer at det kan vere krevjande å vere saman med ungdom heile tida, men at det også er noko av det finaste med jobben.
– Elevane er absolutt den viktigaste grunnen til at eg trivst så godt i yrket! Ein god dag for meg er når eg får jobbe i klasserommet saman med elevane, når vi gjer ting saman, undrar oss, og løyser utfordringar saman.
Høyrest læraryrket ut som noko for deg?
Høgskulen på Vestlandet tilbyr desse studietilboda ved campus Stord, Sogndal og Bergen:
Grunnskolelærerutdanning 1.-7- trinn
Grunnskolelærerutdanning 5.-10. trinn