Reservasjon av treningssenteret på Stord og i Haugesund

Er du medlem i Råmund studentidrettslag på Stord eller HSI studentidrettslag i Haugesund kan du bruke treningssenteret på campus.

For å registrere deg for ønskt treningstidspunkt går du inn på: www.hvl.no/trening. Her må du lese og godkjenne retningslinene for trening.

Om du ikkje skal nytte bestilt trening, må den avbestilles dagen før, slik at dei som står på venteliste kan overta plassen din. Treningstimar vert lagd ut veka før (om fredagen). Tilgang til treningsrommet opnast 15 min. før første time, og vert stengt 15 min. etter siste time er ferdig.

Lenkja til registrering kan også leggjast til på mobilen som ein app utan å laste ned noko. Når du er på sida www.hvl.no/trening, vel du å trykkje på dele- eller innstillingssymbolet. Vel «Legg til på heim-skjerm», så skal det dukke opp eit ikon på telefonen din.

Ved spørsmål, ta kontakt med studentidrettslaget.