Kvilerom og stellerom i Bergen

Treng du ein pust i bakken, eller ein stad å amme eller stelle ein baby?

Kvilerom

Høgskulen tilbyr kvilerom for studentar som treng å kvile seg eller amme. Du er velkommen til å bruke kvileromma ein avgrensa periode i løpet av dagen. Det skal berre vere ein person på kvilerommet om gongen.

Desse kvileromma blir nytta av studentar og tilsette:

  • B225 Kronstad 1 (liggebenk og stol)
  • L232 Kronstad 1 (liggebenk og stol)
  • D432 Kronstad 1 (liggebenk og stol)
  • F403 Kronstad 1 (stol)
  • M161 Kronstad 2 (liggebenk og stol)

Bruk vanleg adgangskort for tilgang til rommet. Det er skilt på døra som viser om rommet er ledig eller opptatt. 

Kvileromma kan ikkje reserverast, men i eksamensperioden har administrasjonen høve til å reservere rom på vegner av studentar med særskilde behov.

Treng du tilrettelegging?

Stellerom

Høgskulen tilbyr stellefasilitetar for baby på desse handicaptoaletta:

Kvilerom blir nytta til amming. 

Rom for tru og tanke

På Kronstad er rom A431 i K1 sett av til studentar og tilsette som ønskjer å trekkje seg tilbake for bønn, meditasjon eller ettertanke. Alle er velkomne til å bruke rommet i ein begrensa periode i løpet av dagen.

Rommet kan ikkje reserverast, men det er opptatt/ledig-skilt på døra. Alle har tilgang til rommet med vanleg adgangskort.

I K2 finn du eit rom for tru og tanke i M502

Finn fram på campus!