Rom i Bergen som har FM-sendar

Mange av undervisningsromma på Kronstad har FM-sendarar for hørselshemma.

Rom på Kronstad som har FM-sendar:

  • Auditorium 1–15 (B115, B117, C114, C115, C121, D111, D112, D113, D121, D122, E105, E106, F117, F118, F119)
  • G118
  • L132
  • E204
  • Alle undervisningsrom i K2

Auditoriumet Mimes Brønn har teleslynge.

Du kan henge FM-mottakaren rundt halsen, og du vel sjølv om han skal sende til eit høyreapparat eller til eit headset.Ved bruk av FM-halsslynge må forelesar bruke mikrofonen i klasserommet. Det er mikrofonen som sender lyd til FM-sendaren som igjen sender til mottakaren din.

I Bergen har vi 4 FM-mottakarar til utlån. Desse kan du hente i Servicesenteret i 1. etasje ved hovudinngangen, og levere tilbake same stad.

Brannvarsling på mobil

Ønskjer du å bli varsla på mobiltelefon dersom du oppheld deg i nærheiten av ein brannalarm? Mobilarm er ei enkel teneste som gjer det mogleg for offentlege bygg å varsle hørselshemma og andre via SMS. Tenesta er gratis og fungerer på alle mobiltelefonar.