Studentbyen Bergen

Dei koselege smaua, dei intime utestadane, ei konsertoppleving på Verftet og ein løpetur opp Stoltzen. Til saman dannar dei bildet av kvifor studentane elskar Bergen.

Om lag 30 000 studentar har valt Bergen som studiestad. Det set sitt preg på stemninga i byen.

Bergen er kjend for si flotte plassering mellom sjø og fjell. Treng du ei lita pause frå lesesalen, er det fint med ein tur opp eit av dei sju fjella i Bergen. Fløyen passar godt for rolege turar, og blir den utfordringa for lita, kan du prøve deg på dei 800 trappetrinna opp Stoltzen. 

Byen er også kjend for sitt mangfaldige musikkmiljø. Konsertscenene byr på artistar både frå det store utland og frå det vitale musikkmiljøet i Bergen. Her er det kort veg frå dei store internasjonale artistane til framtidas stjerner på mindre scener. Det blir arrangert både store og små konsertar på USF Verftet, Garage, Hulen, Kvarteret, og på studentanes eigen bar på campus, Kronbar.

Kultur 

I Bergen finst det eit kulturtilbod for alle! Her finn du landets eldste teater, Den Nationale Scene, Den Nye Opera har flotte forestillingar, og Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) er eit årleg høgdepunkt. Bergen Filharmoniske Orkester er eit av dei beste i landet og tek imot deg i Grieghallen kvar veke.

Musikk

Rolling Stones, Neil Young, Bob Dylan, Metallica, Rhianna og Bruce Springsteen har alle vore på scena i Bergen. Bergenfest er festivalen med dei største rockenamna, Nattjazzen tek seg av andre rytmer, Ekkofestivalen av det elektroniske, Festspillene i Bergen av det klassiske og Borealis av den eksperimentelle musikken.