Interesseorganisasjonar i Haugesund
Fleire av utdanningane på campus Haugesund har aktive interesseorganisasjonar. Desse faglege foreiningane arrangerer årlege karrieredagar, faglege og sosiale arrangement og turar.
NSF – Norsk sykepleierforbund for sjukepleiarstudentane
NSF Student er Noregs største studentorganisasjon med individuelt medlemskap, og er den einaste organisasjonen i landet som representerer sjukepleiarstudentar frå alle landets sjukepleiarutdanningar.
Som studentmedlem har du ein unik mogelegheit til å påverke utdanninga di, til dømes i lokallag eller som fylkesrepresentant.
Som studentmedlem kan du også delta på faglege arrangement der du får spennande fagleg påfyll og kan dele erfaringar med sjukepleiarstudentar frå andre stader i landet.
ØSF – økonomistudentanes forening
ØSF Haugesund er ei linjeforeining for alle økonomistudentar ved campus Haugesund, som arbeider for å få på plass både faglege og sosiale arrangement, der du både kan lære og knyte sterke vennskap i nokon av dei viktigaste årene i livet ditt.
Noko av det ØSF har gjort for studentane i årene som har gått, er mellom anna å arrangere yrkesmesse. Her inviterer vi bedrifter frå Haugalandet til å fortelle litt om verksemda si. Her kan du også få ei gyllen moglegheit til å få kontakt med potensielle arbeidsgivarar.
Elles arrangerer ØSF også quiz-kveldar, julebord, bowlingkveldar på Sheiken Bowling, og andre sosiale festligheiter.
MAST – foreininga for maritime studentar
MAST er interesseorganisasjonen til dei maritime studentane i Haugesund. Alle maritime studentar blir automatisk medlem ved å betale semesteravgift.
Aktivitetane i MAST er i hovudsak for nautikkstudentane, men ved spesielle anledningar opnar vi også for studentar frå andre linjer.
Nokre av aktivitetane våre:
- maritim karrieredag med reiarlag og maritime aktørar
- skipsbesøk
- turar til ulike bedrifter i nærområdet, til dømes verft, redningssentralar, trafikkstasjonar med meir
- maritim kveld med konkurransar retta mot maritim kunnskap, som til dømes knutar
- semesteravslutning der studentane kan utveksle erfaringar og kunnskap
NiTO – for ingeniørstudentane
NITO-studentane er ein studentorganisasjon for bachelor- og masterstudentar innan ingeniør- og teknologfag. Vi er ein del av Noregs ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO), som er den største organisasjonen for ingeniørar og teknologar.
Bli med på mange kjekke arrangement; både faglege, sosiale og relevante for arbeidslivet, som til dømes:
- bedriftsbesøk
- faglege kræsjkurs i eksamensperiodane
- filmkveldar og FIFA-kveldar