Studenter viser fram ulike aktiviteter i studentorganisasjonen StudKick

Studentforeiningar i Haugesund

Er du glad i idrett og trening, har campus Haugesund alt du treng, rett utanfor stovedøra di.

Studentidrettslaget HSI

Studentidrettslaget HSI tilbyr mellom anna treningssenter på campus, i tillegg til fotball, volleyball, handball, innebandy, klatring, orientering, golf, ski-/snowboard og toppturar. Som medlem kan du delta på all idrett i HSI og få rabattar på turneringshelgar og kurs.

Les meir om reservasjon av treningssenteret her.

StudKick

Studentorganisasjonen StudKick byr studentane på spanande naturopplevingar. StudKick rommar eit breitt spekter av aktivitetar, og gjennom året arrangerer dei mellom anna kitekurs, fisketur og fjelltur, i tillegg til klatring ein gong i veka. Medlemmer kan låne surfebrett, våtdrakt, klatreutstyr, ski, campingutstyr og anna materiell utan kostnad.

StudDykk

Studentorganisasjonen StudDykk er klubben for deg som likar å dykke, eller har lyst til å prøve det for første gong. Dei arrangerer dykkarkurs og dykketurar til Bømlo, og medlemmer får låne utstyr gratis.

Studentar på tur i seglbåt
Surfarar på Åkrasanden, Kramøy