
Studenthuset Stødden
Midt i Haugesund finn du studenthuset Stødden, der du kan få brukt dei kreative og sosiale sidene dine.
Her blir det arrangert konsertar, temafestar, spelekveldar, i tillegg til quiz kvar torsdag.
Stødden er ein del av Studentersamfunnet i Haugesund og blir drifta av studentar. Du kan vere med på å drive bar, vere DJ, eller stå på scena.