Aktiv student i Sogndal

Dei 2 300 studentane set sitt preg på saft- og fotballbygda med 8 000 innbyggjarar. Korte avstandar mellom hybel, høgskule, studentaktivitetar og natur gjer at du får meir ut av døgnet som student i Sogndal.

Den beste måten å bli kjent med andre på er å engasjere seg! Bli frivillig på studenthuset Meieriet, meld deg inn i ein studentorganisasjon eller ei linjeforening.

Studenthuset Meieriet

Meieriet kan fort bli din andre heim. Her vil du alltid treffe kjende, både på dag- og kveldstid. På Meieriet finn du cafe, pub og konsertarena. Quiz, spelekveldar, disko og temakveldar står ofte på programmet. 

Meieriet si speleliste gjennom eit semester er imponerande, og Vekao er eit høgdepunkt.

Studenthuset Meieriet har mange undergrupper du kan delta i, som band, kor, revy, foto med meir.

Aktive studentorganisasjonar

Linjeforeninger

Dei fleste utdanningane i Sogndal har eigne linjeforeninger. Desse er drive av studentar, og dei arrangerer både faglege og sosiale arrangement.

  • Yggdrasil: Studentar på fornybar energi, geologi og geofare, landskapsplanlegging, climate change og naturfag.
  • ØKS: Studentar på økonomi og administrasjon, økonomi og jus og reiseliv.
  • EMLIS: Eigedomsmeglarstudentar.
  • FO-studentene: Landsomfattande studentorganisasjon for studentar på barnevern, sosialt arbeid og vernepleie, med lokallag i Sogndal.
  • Pedagogstudentene: Landsomfattande studentorganisasjon for studentar på grunnskulelærarutdanning, barnehagelærarutdanning og PPU, med lokallag i Sogndal.

Studentdemokrati

Studenttinget er HVL-studentane sitt øvste organ. Studentane er også representert i høgskulestyret og andre organ på høgskulen. Engasjer deg i studenttinget for å vere med å påverke rammene for din eigen studiekvardag.

Studentråda er studentorganet på dei ulike avdelingene, og er det naturlege kontaktleddet ut til klassene og enkeltstudentar.

Blide studentar rundt bord i høgskulekantina.