Campus Sogndal

Med 2 300 studentar er Sogndal ein oversiktleg og inkluderande studiestad der det er lett å bli kjent med andre.

Noko av det studentane våre er mest fornøgde med, er den tette kontakten mellom lærar og student. Lærarane kan namnet ditt, og dørene er stort sett alltid opne dersom du lurer på noko. Dette er éin av mange fordelar med å studere ved ein mindre campus.

Høgskulebygget inneheld mykje av det du treng for å vere ein god student, og størstedelen av bygget er døgnope. Vi har eit stort bibliotek- og læringssenter der du finn arbeidsplassar med og utan datamaskiner, lesesal, grupperom og ikkje minst eit stort utval av bøker og fagtidsskrift. Grupperom bestiller du i TimeEdit

Kantina er open kl. 09-15. Kaffibaren er open kl. 08.00-14.30.

Undervisninga skjer både i Høgskulebygget og dei andre bygga våre, som alle ligg i ein radius på eitt minutt på campus. I alle bygga finn du grupperom, klasserom og auditorium.

Campus Sogndal er røykfritt område. På uteområda er det oppmerka røykeplassar. 

Tilgang til campus

Bygga våre er stengde for studentar og besøkande frå og med 19. juni til 9. august. Har du gløymt igjen noko på campus? Studentar som treng å hente noko på campus, kan hente det 1. og 2. juli kl. 10.00–12.00.

Etter sommaren vil hovudinngangen på campus vere open for besøkande måndag–fredag kl. 08.00–15.00. Frå 15. september til 15. mai er opningstida 07.30–15.45. Etter sommaren kan studentar óg bruke nøkkelkort i desse tidsromma:

  • Måndag–fredag kl. 07.30–22.00.
  • Laurdag kl. 10.00–18.00.

Tilsette har tilgang måndag–søndag kl. 06.00–00.00.

Kjem du med bil? Det er avgiftsparkering på campus

Servicetorget i Sogndal

Ope kvardagar kl. 08.00–15.30 (til 15.00 i perioden 15. mai–15. september). Grupperomma i 5. etasje i Høgskulebygget er opne når biblioteket er ope.