Framtidas skule, kompetansar i det 21. århundre (21 st Century Skills & Industri 4.0 for BA, EL og TIP)

Korleis kan du bruke ny kunnskap om 21st Century Skills & Industri 4.0 i eiga undervisning for å sikre elevane framtidsretta og relevant opplæring på BA, TIP og EL? Dette vil du få kunnskap om og erfaringar med i dette studiet, mellom anna gjennom praksisnære utviklingsprosjekt med mål om kvalitetsutvikling på eigen skule.

Studiet tek utgangspunkt i næringslivet sine signal om framtidas kompetansebehov, 21st century skills og Industri 4.0. Studentane blir kjende med næringslivet sine skildringar av framtidas kompetansebehov og skal relatere desse til bærekraftig utvikling, tverrfaglege tema og djubdelæring.

Utvikling av framtidsretta og tilpassa didaktikk med utgangspunkt i Discovery learning står sentralt i studiet. Det er òg eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane.

Undervisningsmåtar

Arbeidsmåtane i studiet vektlegg arbeid med praksisnære utviklingsprosjekt og vekslar mellom introduksjonar, gruppearbeid, refleksjonsgrupper, erfaringsutveksling og diskusjonar med utgangspunkt i erfaringar frå utviklingsprosjekta. Nettverksbygging er òg vektlagt som mål for og arbeidsmåte i studiet.

Tilbodet er delvis nettbasert med tre samlingar og digitale nettverkssamlingar.

Vikar- eller stipendordning

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing «Yrkesfaglærarløftet». Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Tidspunkt for samlingar

Kurset har tre samlingar. Hausten 2021 er det samlingar i veke 38 og 45. Våren 2022 er samlinga i veke 6. Samlingane skjer onsdag og torsdag i alle vekene.