Ledige studieplassar ved HVL
HVL er ein av dei største høgskulane i landet. Hos oss kan du velje ei yrkesretta utdanning anten i ein storby eller på mindre studiestadar. Akkurat no har vi fleire ledige studieplassar. Bli ein av oss!
Leiter du etter ein studieplass? Her finn du oversikta over våre ledige studium. Klikk deg inn på den typen fag du helst kunne tenkje deg å studere!
Vidareutdanning
Helse- og sosialfag
- Pedagogisk rettleiing - innføring (Bergen): Fortløpende opptak
Pedagogiske fag og lærarutdanning
- Tverrfagleg arbeid i kunstfaga: fortløpende opptak frem til 24. januar.
- Rettleiing i yrkesfag: fortløpende opptak frem til 24. januar.
- Nyskaping og berekraft: fortløpende opptak frem til 24. januar.
- Friluftsliv i kystnære naturmiljø: fortløpende opptak frem til 24. januar.
Teknologiske og økonomiske fag
- Leiing, forbetringskultur og LEAN (Haugesund): Løpande opptak
Oppdrag
- Kommunikasjon og forhandlingsforståelse: fortløpende opptak
Er det fleire søkjarar enn ledige studieplassar, vil ikkje alle få tilbod om studieplass. Det er dei første som har søkt som blir vurdert for tilbod.
For å søke på ein ledig studieplass i vårt lokale opptak, må du:
- dekke opptakskrava
- ha rett dokumentasjon klar til opplasting
- søke via vår lokale Søknadsweb
Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamleg.
Søk studieplass