E-helse for HO og EL

På dette studiet vil du få innsikt i og erfaringar i e-helse. E-helse inkluderer teknologiar som kan betre folkehelse og livsmeistring gjennom å styrke personar sine moglegheiter til å leve eit mest mogeleg sjølvstendig liv i eigen heim eller på institusjon.

Bruk av teknologi i helse- og omsorgsstenester er eit nasjonalt satsingsområde, og er eit område der både helsepersonell og teknisk personale treng kompetanse. Studiet inkluderer elektrofag (EL) og helse- og oppvekstfag (HO) og det vert lagt vekt på samhandling mellom desse.

Målet for studiet er å leggje til rette for at studentane skal utvikle kunnskap innan e-helse med særskild fokus på kartlegging og tilpassingar av sensorteknologi med tilhøyrande regler for teknisk respons. Emnet skal vidare stimulere til fagkritiske haldningar i samanheng med utvikling og bruk av teknologiske løysingar i helse- og omsorgstenesta.

Studentane skal tileigne seg basiskunnskapar innan e-helse som kan danne grunnlag for seinare utvidingar av kunnskapar og ferdigheiter, og det vert lagt vekt på samhandling mellom HO (helse- og oppvekstfag ) og EL (elektro). Det er òg eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane.

Undervisningsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom forelesingar, gruppearbeid, erfaringsutveksling og diskusjonar. Mellom samlingane deltek du i ei nettverksgruppe med kollegaer frå eigen skule, alternativt andre skular om færre enn tre frå ein skule deltek. Kommunikasjon, undervisning og samhandling skjer digitalt. 

Tilbodet er nettbasert med tre samlingar.

Vikar- og stipendordning

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing «Yrkesfaglærarløftet». Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Digitale samlingar hausten 2021:

  • Måndag og tysdag i veke 35 og 39
  • Tysdag og onsdag i veke 45

Med forbehold om endringar grunna smittevernstiltak.

Tidspunkt for munnleg eksamensseminar i gruppe er måndag 13. desember 2021.