Opptak til enkeltemne – ingeniør- og økonomifag i Bergen

Informasjonen gjeld kun ved Avdeling for ingeniør- og økonomifag, campus Bergen.

Dersom du ynskjer å ta nokre få emne ved Avdeling for ingeniør- og økonomifag i Bergen, kan du søkje om opptak til enkeltemne. Dersom du ynskjer å ta ein grad, må du søkje opptak til eit studieprogram via Samordna opptak.

Søknadsfrist for enkeltemne er 1. desember og 1. juni.

Enkeltemne for våren blir publisert når Søknadsweb opnar 1. november.

Enkeltemne for hausten blir publisert når Søknadsweb opnar 1. mai.

Det blir innvilga maksimalt opptak til 30 studiepoeng per semester. Det er mogleg å ta inntil 60 studiepoeng totalt som enkeltemnestudent.

Vi gjer merksam på at ein ikkje kan gjere endringar i søknaden etter søknadsfristen. Det er difor ikkje mogleg å endre emneval etter fristen. Søknaden må vere komplett ved søknadsfrist. Søknader som ikkje er komplette vil ikkje bli behandla.

Studentar som har fått studierett til enkeltemne skal følgje den ordinære undervisninga og har dei same rettar og pliktar som studentar med ordinært opptak ved høgskulen. Enkeltemnestudentar må til dømes registrere seg, vurderingsmelde seg på Studentweb og betale semesteravgift innan fristen 1. februar/1.september.

Ved opptak til fleire enkeltemne kan vi diverre ikkje garantere kollisjonsfri time- og eksamensplan.

Kven kan søkje opptak til enkeltemne?

Du må ha generell studiekompetanse. Fleire studiar har spesielle opptakskrav i tillegg. Du må ha same studiekompetanse som blir kravd for å bli tatt opp som ordinær student til den aktuelle utdanninga der emnet inngår. Merk deg at nokre av emna i tillegg har eigne forkunnskapskrav.

Studentar frå Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved Universitetet i Bergen som tek emne ved høgskulen gjennom formaliserte samarbeidsavtalar, treng ikkje å søkje gjennom enkeltemneopptaket.

Informasjon om søknadsprosessen

Fristen for å søkje om opptak til enkeltemne er 1. desember for vårsemesteret og 1. juni for haustsemesteret.

Du søkjer elektronisk via Søknadsweb.

Søknadsweb opnar ein månad før søknadsfristen går ut (1. mai for opptak haustsemesteret og 1. november for opptak vårsemesteret).

På Søknadsweb må du laste opp vitnemål frå vidaregåande skule og karakterutskrift frå høgare utdanning.

Kvalifiserte søkjarar vil få tilbod om plass dersom det er ledig kapasitet på emne.

Du vil få svar på søknaden din ca. ein månad etter søknadsfristen.