Enkeltemne frå lærarutdanningane, campus Stord

Dersom du søker og får tilbod om studieplass som enkeltemnestudent, får du studierett berre til det eller dei emna som du har fått opptak til. Emna varer berre eitt semester. Dette betyr at du må hugse å søke om nytt opptak dersom du ønskjer å studere vidare i neste semester.

Studieretten på eit enkeltemne gjeld til og med første kontinuasjonseksamen i emnet, føresett at semesteravgift er betalt for gjeldande semester og eksamensoppmelding er gjord innan fastsette fristar.

På HVL kan du ta eksamen i same emnet inntil tre gonger, uavhengig av kva for studierett du har. Dersom du har nytta alle tre forsøka dine tidlegare, hjelper det derfor ikkje å melde deg opp som enkeltemnestudent. Merk deg at dette først blir kontrollert når det nærmar seg eksamen - ikkje ved opptak til enkeltemne.

Det blir gitt opptak til maksimalt 30 studiepoeng.

Forbetring av karakter

For deg som har vore student ved HSH, er det mogeleg å forbetre ein karakter ved å søke opptak til enkeltemne. Ta kontakt med studierettleiar dersom du ikkje finn det emnet du leiter etter i tabellen under. Søknadsfrist er same som for andre enkeltemnesøkarar.

Opptakskrav og dokumentasjon

Opptakskrav til kvart emne finn du i oversikta over enkeltemna som blir lyste ut. Dersom du allereie har ein aktiv studierett ved HVL, treng du ikkje sende inn dokumentasjon på nytt, men du må hugse å skrive dette i merknadsfeltet i SøknadsWeb når du registrerer søknaden din.

Rangering og kapasitet

Alle kvalifiserte søkarar til enkeltemne vil få tilbod om studieplass så lenge kapasiteten på emna tillèt det. Dersom det er fleire søkarar enn ledig kapasitet, vil søkarar med aktiv studierett ved HVL bli prioriterte. Vi tar i tillegg atterhald om nok kvalifiserte søkarar for oppstart av eit emne.

Timeplan

Ikkje alle emne kan kombinerast. Timeplan for kvart enkelt emne finn du på www.hsh.no/timeplan. Timeplanen er som regel klar seinast 14 dagar før semesterstart.

NB! Undervisninga går føre seg på dagtid saman med dei andre studentane ved høgskulen. Ein del emne kan ha krav om aktiv deltaking (oppmøte, innleveringar e.l.) for å kunne gå opp til eksamen.

Søknadsweb for Høgskulen på Vestlandet

 

Enkeltemne frå lærarutdanningane, Stord
EmnekodeNavnStudiepoeng
LU2-NOR115 Norsk 1a 5-10. trinn
Opptakskrav: Fullført og bestått lærarutdanning eller min 180 stp av lærerutdanning
15
DLU1-NAT115 Naturfag 1a 1-7
Opptakskrav: Fullført og bestått lærarutdanning eller min 180 stp av lærerutdanning
15
LU1-MH115 Mat og helse 1a 1-7: Innføring i fagområdet mat og helse
Opptakskrav: Fullført og bestått lærarutdanning eller min 180 stp av lærerutdanning
15
LU2-MH115 Mat og helse 1a 5-10: Innføring i fagområdet mat og helse
Opptakskrav: Fullført og bestått lærarutdanning eller min 180 stp av lærerutdanning
15
LU2-RLE1A115 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1a (5-10)
Opptakskrav: Fullført og bestått lærarutdanning eller min 180 stp av lærerutdanning
15
LU1-RLE1A115 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1a (1-7)
Opptakskrav: Fullført og bestått lærarutdanning eller min 180 stp av lærerutdanning
15