Enkeltemne på ingeniørfag, campus Haugesund

Dersom du søker og får tilbod om studieplass som enkeltemnestudent, får du studierett berre til det eller dei emna som du har fått opptak til. Emna varer berre eitt semester. Dette betyr at du må hugse å søke om nytt opptak dersom du ønskjer å studere vidare i neste semester.

Studieretten på eit enkeltemne gjeld til og med første kontinuasjonseksamen i emnet, føresett at semesteravgift er betalt for gjeldande semester og eksamensoppmelding er gjord innan fastsette fristar.

På HVL kan du ta eksamen i same emnet inntil tre gonger, uavhengig av kva for studierett du har. Dersom du har nytta alle tre forsøka dine tidlegare, hjelper det derfor ikkje å melde deg opp som enkeltemnestudent. Merk deg at dette først blir kontrollert når det nærmar seg eksamen - ikkje ved opptak til enkeltemne.

Det blir gitt opptak til maksimalt 30 studiepoeng.

Forbetring av karakter

For deg som har vore student ved HSH, er det mogeleg å forbetre ein karakter ved å søke opptak til enkeltemne. Ta kontakt med studierettleiar dersom du ikkje finn det emnet du leiter etter i tabellen under. Søknadsfrist er same som for andre enkeltemnesøkarar.

Opptakskrav og dokumentasjon

Opptakskrav til kvart emne finn du i oversikta over enkeltemna som blir lyste ut. Dersom du allereie har ein aktiv studierett ved HVL, treng du ikkje sende inn dokumentasjon på nytt, men du må hugse å skrive dette i merknadsfeltet i SøknadsWeb når du registrerer søknaden din.

Rangering og kapasitet

Alle kvalifiserte søkarar til enkeltemne vil få tilbod om studieplass så lenge kapasiteten på emna tillèt det. Dersom det er fleire søkarar enn ledig kapasitet, vil søkarar med aktiv studierett ved HVL bli prioriterte. Vi tar i tillegg atterhald om nok kvalifiserte søkarar for oppstart av eit emne.

Timeplan

Ikkje alle emne kan kombinerast. Timeplan for kvart enkelt emne finn du på www.hsh.no/timeplan. Timeplanen er som regel klar seinast 14 dagar før semesterstart.

NB! Undervisninga går føre seg på dagtid saman med dei andre studentane ved høgskulen. Ein del emne kan ha krav om aktiv deltaking (oppmøte, innleveringar e.l.) for å kunne gå opp til eksamen.

Søknadsweb for Høgskulen på Vestlandet

 

Enkeltemner Ingeniørfag
EmnekodeNavnStudiepoeng
ING1023 Innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar
Opptakskrav: HING*
10
ING1020 Analyse og lineær algebra
Opptakskrav: HING*
Merknad: Nytt: Studiekrav må gjennomførast kvart år
10
ING1009 Kjemi og miljø
Opptakskrav: HING*
10
ING2053 Statistikk og økonomi
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Analyse og lineær algebra. Parallell undervisning heile semesteret
10
ING2044 Varme- og strøymingslære
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Analyse og lineær algebra, Kjemi og miljø, Fysikk. Parallell undervisning heile semesteret
10
ING3019 Fleirvariabel analyse
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Analyse og lineær algebra, Rekkjer og funksjonar av fleire variablar, Fysikk
10
ING2036 Systematisk HMS-arbeid
Opptakskrav: GSK
10
INGB084 Kvalitets- og sikkerheitsleiing
Opptakskrav: GSK
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Systematisk HMS-arbeid, Teknisk sikkerheit i prosessindustrien. Samlingsbasert
20
ING3061 Environmental Science and Pollution
Opptakskrav: HING*
Merknad: Blir undervist på engelsk
10
ING2054 Statikk og fastleikslære
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Fysikk
10
ING3043 Brannteknisk funksjonsbasert design
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Aktive og passive brannsikringssystem. NB! Ingen tilrettelegging for fjernstudentar!
10
ING3049 Brannteknisk simulering
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Varme- og strøymingslære, Branndynamikk, NB! Ingen tilrettelegging for fjernstudentar!
10
ING3016 Prosessteknikk II
Opptakskrav: HING*
Merknad: Fysikk, Kjemi og miljø, Analyse og lineær algebra, Varme- og strøymingslære, Prosessteknikk I
10
ING3036 Fornybar energi og petroleumsproduksjon
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Fysikk, Kjemi og miljø, Varme- og strøymingslære
10
ING3041 Maskinkonstruksjon II
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Fysikk, Statikk og fastleikslære, Maskinkonstruksjon I, Materialar og tilvirking
10
ING3042 Røyrkonstruksjon
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Materialar og tilvirking, Maskinkonstruksjon I, Varme- og strøymingslære
10
ING3056 Reguleringsteknikk
Opptakskrav: HING*
Merknad: Anbefalte forkunnskapskrav: Signal og system
10
ING3107 Maskinkonstruksjon II
Opptakskrav: HING*
Merknad: Samlingsbasert: 1 veke undervisning, 2 veker sjølvstudium
10
ING3108 Marintekniske løysingar
Opptakskrav: HING*
Merknad: Samlingsbasert: 1 veke undervisning, 2 veker sjølvstudium
10
ING3109 Fornybar energi og petroleumsproduksjon
Opptakskrav: HING*
Merknad: Samlingsbasert: 1 veke undervisning, 2 veker sjølvstudium
10
ING2118 Signal og system
Opptakskrav: HING*
Merknad: Samlingsbasert: 1 veke undervisning, 2 veker sjølvstudium
10
ING3110 Varme- og strøymingslære
Opptakskrav: HING*
Merknad: Samlingsbasert: 1 veke undervisning, 2 veker sjølvstudium
10
ING3111 3D-modellering med BIM
Opptakskrav: HING*
Merknad: Samlingsbasert: 1 veke undervisning, 2 veker sjølvstudium
10
ING4004 Advanced Fire Dynamics
Opptakskrav: INGBRA*
Merknad: Fleirvariabel analyse bør takast parallelt dersom ein ikkje har den frå før.
10
ING4005 Fire Risk Assessment
Opptakskrav: INGBRA*
10
ING4006 Advanced Fire and Egress Modelling
Opptakskrav: INGBRA*
Merknad: Advanced Fire Dynamics må takast parallelt dersom ein ikkje har den frå før.
10

*GSK: Generell studiekompetanse eller realkompetanse

*HING:

  • Du må dokumentere Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.
  • Har du nyere godkjent 2-årig fagskole i tekniske fag, må du dokumentere kunnskaper tilsvarende Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.
  • Du dekker kravet hvis du har:
    • bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014 eller
    • bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høyskoleutdanning eller
    • bestått 2-årig teknisk fagskole (rammeplan fra 1998/99 eller tidligere ordninger).

*INGBRA: Bachelorgrad innen brannsikkerheit. Søkarar med andre ingeniørutdanninger som har tatt følgjande to emne (eller tilsvarande) vil bli vurdert individuelt:

  • ING2043: Branndynamikk
  • ING2045: Aktive og passive brannsikringssystem
    Minstekrav for opptak er karakteren C som vekta gjennomsnittskarakter for alle eksamenar som inngår i opptaksgrunnlaget.