Opptak til PPU

Ønsker du undervisingskompetanse i faget ditt, kan du søke opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Her finn du informasjon om søknadsprosess og opptakskrav.

Slik søker du

1. Registrer søknad

Vi tilbyr PPU ved tre campus og innan fleire fagprofilar. Pass på at du søker på rett alternativ. Du kan ikkje endre eller omprioritere etter fristen er gått ut.

Søk PPU

 

Fristar og datoar

Viktige datoar i opptaket er:

1. februar: Søknadsweb opnar
1. mars: Søknadsfrist for PPU for yrkesfag
15. april: Søknadsfrist PPU for allmenne fag
1. juli: Ettersendingsfrist viss du ikkje er ferdig med utdanninga di

Prioritering i søknaden

Kva vil det seie å prioritere?
Prioriteringa er viktig for søknaden din. Du kan ikkje endre rekkefølga etter at søknadsfristen er gått ut.

Viss du vil søke opptak til fleire utdanningar i ein søknad, må du legge dei inn i prioritert rekkefølge. Du må legge det studiet du ønskjer mest på førsteplass, sette andrevalet som nummer to i søknaden, og så vidare.

Du får berre eitt tilbod i hovudopptaket. Utdanningane som ligg lengre ned på lista vil falle vekk. Viss du får tilbod på førstevalet ditt, vil du ikkje få tilbod på andreval eller lågare prioriterte alternativ. Takkar du nei til førstevalet, vil du ikkje kunne få plass på dei andre. Du må derfor vere oppmerksam på prioriteringsrekkefølga.

Problem ved søknad?

Finn ikkje studieprogrammet

  • Sjekk at du er i riktig søknadsportal.
  • Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
  • Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.

Problem med innlogging

Du må ha elektronisk ID for å logge inn i Søknadsweb. Du treng ikkje Feide for å søke. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.

Har du problem med å registrere søknaden som du ikkje får løst, må du sende oss ein e-post før søknadsfristen er gått ut, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.

 

2. Dokumenter at du dekker kravet

Du må vise at du dekker opptakskravet, for at vi skal kunne behandle søknaden din. 

Dokumentasjon og elektroniske resultat

Dokumentasjon viser at du er kvalifisert for utdanninga du har søkt opptak til. Du må laste opp dokumentasjonen i søknaden din (eller sjekke at det er elektronisk tilgjengeleg). Dokumentasjon sendt på e-post blir ikkje behandla.

 

Utdanning

Vidaregåande skule dokumenterer du med vitnemål eller kompetansebevis. Viss det ikkje står på vitnemålet at du har fag-/sveinebrev, må du laste opp dette i tillegg. Har du elektronisk vitnemål, henter vi dette automatisk. Du kan sjekke om du har elektronisk vitnemål ved å logge inn i Samordna opptak

Fagskuleutdanning dokumenterer du med vitnemål. Dette kan ikkje hentast elektronisk, så det må du laste opp.

Bachelor og master (eller tilsvarande), kan som regel hentast elektronisk. HVL-studentar kan sjå sine resultat i Studentweb eller Vitnemålsportalen. Studentar frå andre institusjonar kan sjå utdanninga si under «eksterne resultat» i Søknadsweb.

 

Yrkespraksis

Praksis (relevant arbeidserfaring) dokumenterer du med attest eller tenestebevis. Filen må vere i pdf-format, eller bilete/skann av utskrift. Filer i redigerbart format (t.d. word) blir ikkje godkjent.

Attest skal vere signert og datert av arbeidsgjevar, og må innehalde

  • Stillingstittel
  • Omfang (stillingsprosent eller timar jobba)
  • Start- og sluttdato
  • Stempel eller logo
Meir om dokumentasjon

Fullfører du utdanning dette semesteret?

Du kan framleis søke opptak, sjølv om du ikkje er heilt ferdig med utdanninga di.

Når du søker, må du: 

  1. Dokumentere alle karakterane du har til nå.
  2. Skrive i merknadsfeltet i søknaden kva utdanning du går på.
  3. Sende inn vitnemål innan 1. juli.

Viss du får plass
Du vil få svar på søknaden din før du er ferdig med utdanninga. Viss du ligg an til å møte opptakskravet, kan du få tilbod på vilkår. Det vil seie at du får plass mot at du sender inn det du manglar innan 1. juli. Dette kan gjelde både studieplass, og ventelisteplass.

Kva du må dokumentere og fristen for å dokumentere det, vil stå i tilbodsbrevet du får på e-post.. Dette kan vere til dømeat du må fullføre bachelorgrad med minst C i snitt.

Kva må du gjere etter du har fått plass?
Du har ansvar for å dokumentere vilkåra for tilbodet innan fristen du får. Dette gjer du ved å sjekke om digitalt vitnemål er tilgjengeleg i søkanden din. Viss ikkje, må du laste opp vitnemålet i søknadsweb.

Sjekk under «eksterne resultat». Viss du skal dokumentere ei ferdig utdanning, er det viktig at det står at utdanninga er «bestått» i ei eiga rad.

Obs. Mange skriv ikkje ut vitnemål før på hausten. Da må du få ei stadfesting frå universitetet eller høgskulen du går på at utdanninga er bestått. Du laster opp stadfestinga i søknaden din.

Er du HVL-student? Vitnemålet ditt vil vere klart innan 1. juli, og vi vil hente det elektronisk. Viss du vil sjekke vitnemålet ditt, logger du inn i vitnemalsportalen.no

Sånn konkurrerer du i opptaket
I hovudopptaket konkurrerer du med karakterane du har når du søkte opptak. Etter at du har fullført graden og fått vitnemål, blir alle karakterane dine bli talt med og poengsummen din blir justert.

Viss du sto på venteliste, men dei siste karakterane gjer at du kjem over poenggrensa, vil du få tilbod om studieplass.

Utdanning frå utlandet

Bachelorgrad
Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse, og høgare utdanning tilsvarande norsk bachelorgrad på 180 studiepoeng. Utdanning frå land utanfor Norden blir vurdert etter kriteria i NOKUT sin landdatabase

Masterkrav
Masterutdanning frå land utanfor Norden blir vurdert etter kriteria i NOKUT sin landdatabase. Masterutdanning som ikkje blir godkjent av NOKUT blir derfor heller ikkje godkjent ved opptak til PPU-A ved HVL.

Språkkrav

Du må dokumentere at du har norsk- og engelskunnskapar på nivå med generell studiekompetanse. Les meir om regelverk for søkere med utenlandsk utdanning.

Dokumentasjon
Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse innan søknadsfrist.

 

Opptakskrav

Ved opptak til PPU kan du søke ulike utdanningar avhengig av om du vil undervise allmenne fag (PPU-A) eller yrkesfag (PPU-Y).

Allmenne fag (PPU-A)

Ved PPU-A skil vi mellom fag som er allmenndidaktiske (som norsk, naturfag, matte), og praktisk-estetiske (som kroppsøving, musikk, kunst og handverk).

Allmenndidaktiske fag

Du må møte dette kravet:

Mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, der fordjupinga må vere på minimum 60 studiepoeng.

Det er ikkje krav om at undervisningsfaget du søker opptak til, inngår i sjølve mastergraden. Du kan eksempelvis ha master i nordisk, og eit årsstudium i samfunnsfag, og få opptak til PPU-A samfunnsfag.

PPU med integrert master

HVL tilbyr Master med integrert PPU i enkelte undervisingsfag. Slik kan du kvalifisere for opptak til PPU-A i allmenndidaktiske fag utan å ha mastergrad først. 

Sjå kva fag vi tilbyr og opptakskrava på utdanninga si nettside.

Fordjupingskrav

Her er ein oversikt over kva fordjuping som er relevant for dei ulike fagprofilane. Oversikta er ikkje uttømmande.

Framandspråk

Godkjend fordjuping: Engelsk, fransk, tysk, eller spansk.

Søkjarar med arabisk, russisk, kinesisk og japansk kan kvalifisere for opptak dersom dei dokumenterer relevant praksisplass innan søknadsfrist.

Andre framandspråk, inkludert latin og gresk, er ikkje relevant for opptak.

Matematikk

Godkjend fordjuping: Matematikk

Statistikk kan erstatte opp til 15 studiepoeng.

Søkjarar med bakgrunn frå ingeniørutdanning må ha 60 studiepoeng i disiplinfaget matematikk. Profesjonsfag der ein anvender disiplinfaga blir ikkje godkjent.

For søkjarar med sivilingeniør/master i teknologi frå NTNU blir 52,5 studiepoeng i matematikk godkjend.

Det er svært sjeldan at søkjarar med ingeniørbakgrunn dekker kravet utan å ta ekstra emne i matematikk.

Naturfag

Godkjend fordjuping: Disiplinfaga kjemi, biologi, eller fysikk, eller ein kombinasjon av desse. Geofag kan erstatte opp til 40 studiepoeng.

Søkjarar med bakgrunn frå ingeniørutdanning må ha 60 studiepoeng i disiplinfaga. Profesjonsfag der ein anvender disiplinfaga blir ikkje godkjend.

Det er svært sjeldan at søkjarar med ingeniørbakgrunn dekker kravet utan å ta ekstra emne, med unntak av ingeniørgrader i fysikk/kjemi/biologi.

Norsk

Godkjend fordjuping: Norsk eller nordisk

Det må inngå både språk/grammatikk og litteraturvitskap i fordjupinga.

Allmenn litteraturvitskap dekker ikkje kravet utan 30 studiepoeng i språk/grammatikk.

Årsstudium i norsk som andrespråk kan bli vurdert i samanheng med andre emne i norsk, men dekker ikkje kravet åleine.

Religion

Godkjend fordjuping: RLE

Filosofi kan erstatte opptil 30 studiepoeng.

Kravet kan ikkje dekkast med berre kristendom. Det må inngå minst 10 studiepoeng i andre religionar.

Samfunnsfag

Godkjend fordjuping: Samfunnsfag, historie, geografi, sosiologi, statsvitskap, sosialantropologi, samfunnsøkonomi

Emne innan juss, leiing- og organisasjonsfag, innovasjon og entreprenørskap kan bli vurdert i samanheng med andre emne innan samfunnsfag, men dekker som regel ikkje kravet åleine.

Praktisk-estetiske fag

Du må møte eitt av følgande krav:

  • Mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, der fordjupinga må vere på minimum 60 studiepoeng.
  • Bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag, i finansieringskategori A eller B, med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget.
  • Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan erstattast av drama-/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eitt fag. Andre fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det blir stilt krav om gjennomsnittskarakter C (30 karakterpoeng) eller betre frå bachelorgraden.

Bachelorgraden i 3. kulepunkt må bestå utelukkande av praktisk-estetiske fag. Støttefag i eksempelvis norsk eller økonomi blir ikkje godkjend.

Dette er ei overgangsordning som går ut i 2025. Har du ein bachelorgrad i praktisk-estetiske fag, kan denne kvalifisere for PPU fram til våren 2025. For PPU med oppstart frå og med hausten 2025, må du møte krava i punkt 1 eller 2.

Fordjupingskrav

Her er ein oversikt over kva fordjuping som er relevant for dei ulike fagprofilane. Oversikta er ikkje uttømmande.

Dans

Godkjend fordjuping: Dans      

Godkjend  bachelor: Bachelor i dans

Drama

Godkjend fordjuping: Drama  

Godkjend  bachelor: Bachelor i drama

Kroppsøving/idrett

Godkjend fordjuping: Kroppsøving, idrett, PT

Godkjend  bachelor: Bachelor i kroppsøving / idrett

 

Kunst og handverk

Godkjend fordjuping: Kunst og handverk         

Godkjend  bachelor: Bachelor i kunst og handverk eller bachelor innan utøvande kunst

Musikk

Godkjend fordjuping: Musikk  

Godkjend  bachelor: Bachelor grad i musikk

Realkompetanse

Det er ikkje mogleg å søke opptak til PPU-A på bakgrunn av realkompetanse.

Yrkesfag (PPU-Y)

Du kan kvalifisere for PPU-Y med bakgrunn i anten fag-/sveinebrev, eller profesjonsretta bachelorgrad.

Fag-/sveinebrev

Du må møte alle dei følgande krava:

  • Relevant fagbrev, sveinebrev eller treårig yrkesutdanning frå VGS
  • Generell studiekompetanse
  • To år yrkesteoretisk utdanning
  • Fire år yrkespraksis (tilsvarande fulltid)

Utdanning og yrkespraksis må vere innan samme fagområde, og må vere relevant for fagprofilen du søker opptak til.

Yrkespraksis er arbeidserfaring innan yrket du er utdanna til. Deltidsstilling blir rekna om til fulltid. Arbeid som lærar dekkjer ikkje kravet.

Yrkesteoretisk utdanning skal bygge på fag-/sveinebrevet ditt og vere på høgare nivå enn vidaregåande skule, f.eks. fagskule eller høgare utdanning. To år tilsvarar 120 studiepoeng. Meisterbrev blir godkjend som eitt år yrkesteori.


Fordjupingskrav

Her er ein oversikt over kva fordjuping som er relevant for dei ulike fagprofilane. Oversikta er ikkje uttømmande.


Bygg- og anleggsteknikk

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer

Elektro- og datateknologi

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer

Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer


Helse- og oppvekstfag

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer

Autorisasjon som hjelpepleiar blir godkjend som tilsvarande fagbrev.


Handverk, design og produktutvikling

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer


Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer


Naturbruk

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer

Fullført og bestått landbruk-, skogbruk- eller gartnerutdanning på minst eitt år frå 1974 til 1994 blir godkjend som yrkeskompetanse. Søkjarar med denne bakgrunnen kan ikkje bli realkompetansevurdert.

Eitt-årig utdanning som agrotekniker (før 1994) blir godkjend som eitt år yrkesteori.


Restaurant- og matfag

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer


Salg, service og reiseliv

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer

Treårig "handel og kontor" frå tidlegare reformer blir ikkje godkjend som yrkeskompetanse.


Teknologi- og industrifag

Godkjend yrkesfagleg utdanning: alle linjer

Sertifikat og liknande innan maritim retning på TIF blir ikkje godkjend som tilsvarande fagbrev .

Profesjonsretta bachelorgrad

Du må møte alle dei følgande krava:

  • Relevant yrkesretta bachelorgrad
  • To år yrkespraksis (tilsvarande fulltid)

Utdanning og yrkespraksis må vere innan samme fagområde, og må vere relevant for fagprofilen du søker opptak til.

Yrkespraksis er arbeidserfaring innan yrket du er utdanna til. Deltidsstilling blir rekna om til fulltid. Arbeid som lærar dekkjer ikkje kravet.

Her er ein oversikt over kva fordjuping som er relevant for dei ulike fagprofilane. Oversikta er ikkje uttømmande.

Bygg- og anleggsteknikk

Godkjend bachelor: byggingeniør

 

Elektro- og datateknologi

Godkjend bachelor: Elektrofag, automasjon

 

Helse- og oppvekstfag

Godkjend bachelor: Sykepleiar, vernepleiar, barnevernspedagog, ergoterapeut, fysioterapeut, ortopediingeniør, bioingeniør, barnehagelærar, førskulelærar, sosialt arbeid, optometri, folkehelsearbeid

  • Bachelor i pedagogikk er ikkje godkjend

 

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Godkjend bachelor: Informasjonsteknologi, dataingeniør, journalist, profesjonsretta medieutdanning

  • Utdanning innan elektro/automasjon er ikkje godkjend for denne profilen

 

Naturbruk

Godkjend bachelor: Veterinær, profesjonsretta landbruk-, skogbruk- eller havbruk-/ fiskeriutdanning

 

Restaurant- og matfag

  • Utdanning i ernæring er ikkje godkjent

 

Salg, service og reiseliv

Godkjend bachelor: Økonomi og administrasjon, marknadsføring, varehandel, reiseliv. Andre utdanningar innan økonomi og administrasjon, som rekneskap og eigedomsmekling, kan og vurderast.

 

Teknologi- og industrifag

Godkjend bachelor: Maskiningeniør, kjemiingeniør

Realkompetanse

Viss du har fag-/sveinebrev og lang yrkespraksis, men manglar generell studiekompetanse eller yrkesteoretisk utdanning, kan du bli vurdert for realkompetanse. Du kan som hovudregel berre bli vurdert for eitt av krava. 

For å søke med realkompetanse må du registrere søknad innan 1. mars.

Korleis søker eg med realkompetanse?

Følg stegene for å sende inn ordinær søknad, men skriv i merkandsfeltet i Søknadsweb at du søker med realkompetanse.

Kva må eg dokumentere?

I tillegg til dei vanlege krava til dokumentasjon, gjeld desse:

  • Attesten(e) skal innehalde informasjon om arbeidsoppgåver og ansvarsnivå.
  • Du må laste opp ein oppdatert CV med oversikt over utdanning, arbeidserfaring og eventuelle relevante kurs.

Er det ikkje yrkesteoretisk utdanning innan faget ditt?

I særlege tilfelle kan søkjarar utan yrkesteoretisk utdanning og generell studiekompetanse bli vurdert for realkompetanse.

Dette kan gjelde for yrkesfaglege profilar utan tilbod om yrkesteoretisk utdanning. Det kan og gjelde dersom du har minst tre år (kjem i tillegg til minstekrav om fire år yrkespraksis) med erfaring frå ei eller fleire av følgande arbeidsoppgåver/ansvarsområde:

  • Prosjektleiing
  • Fagleg leiar/Bas
  • Opplæring i bedrift/deltaking i læreplangruppe for opplæring
  • Deltaking i fagprøvenemnd/sveinebrevnemnd/klagenemnd
  • Aktiv deltaking i faglege nettverk og faglege interesseorganisasjonar
  • Instruktør eller fagleg ansvarleg i lærebedrift og opplæringskontor/opplæringsring
  • Ulike sertifikat og kurs
  • Djupnekompetanse gjennom deltaking i ulike fagkonkurransar og liknande.
  • Utviklingsarbeid i arbeidslivet i samarbeid med UH-institusjon.
  • Skuleutviklingsprosjekt
  • Sjølvstendig næringsdrivande
  • Annan tilsvarande og relevant kompetanse og erfaring.

 

Regelverk

Realkompetanse er regulert i § 3-3 i Forskrift om opptak til HVL. For å bli realkompetansevurdert må ein ha yrkespraksis utover minstekravet på 4 år, og møte alle andre krav.

I realkompetansevurdering blir det lagt vekt på omfang og nivå på yrkespraksis, og omfang og relevans av utdanning. For å få opptak må kompetansen vurderast til å vere likeverdig med søkarar som får tilbod etter ordinære rangeringsreglar.

Realkompetansevurderinga gjeld for søknad om opptak, og er ikkje bindande for tilsetting. Sjå UDIR sine sider for informasjon om tilsetting- og kompetansekrav.

 

 

3. Følg opp søknaden din

Etter du har registrert søknad og lastet opp dokumentasjon, er det viktig at du følger opp søknaden. Sjekk at du får kvitteringen på e-post. 

Viss vi manglar informasjon, vil vi ta kontakt på e-posten du har oppgitt i søknaden.

Når får eg svar?

Du får svar på søknaden 1. juni.

Svarfrist

Dei som får tilbod om studieplass må takke ja i Søknadsweb innan svarfrist. Svarfrist vil stå i tilbodsbrev og inne på Søknadsweb når resultat av opptaket er sendt ut. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.

Det same gjeld tilbod om å stå på venteliste. Ein må takke ja til tilbodet for å kunne bli med i eventuelle suppleringsopptak.

 

Korleis blir poenga mine rekna ut?

Poengutrekningatar utgangspunkt i karakterar frå opptaksgrunnlaget. Ved PPU-A er dette master/bachelorgrad. PPU-Y er dette yrkesteori eller den profesjonsretta bachelorgraden.

Poengutrekning allmenne fag

Ved søknad til PPU for allmenne fag, er det karakterar frå bachelor- og eventuelt mastergraden din som er grunnlaget for poengutrekning.

Type poeng Forklaring
Karakterpoeng Vekta karaktersnitt frå opptaksgrunnlaget x 10
+ Utdanningspoeng 1 poeng per 30 stp utover opptakgrunnlag. Maks 4 poeng. 
+ Andre tilleggspoeng 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule
= Konkurransepoeng  

 

Vekta karaktersnitt: Karakterene gjerast om til talverdi, A=5, B=4, C=3, D=2 og E=1. Talverdien vert så ganga med kor mange studiepoeng emnet var på. Dette blir summert, og delt på total antall studiepoeng. Da vil karakteren i større emne vege tyngre enn mindre emne. 

C-krav: Der det ved PPU-A er opptakskrav om karakter C i gjennomsnitt frå bachelor, må du ha minst 30,00 karakterpoeng.

Tilsetting i skule: For å få poeng for tilsetting må du anten dokumentere fast tilsetting på vilkår om å ta PPU, eller at du har arbeida som lærarvikar i minst 50% stilling i inneverande skuleår.

Poengutrekning for PPU heimla i §4-4 i forskrift om opptak til HVL.

Poengutrekning yrkesfag

Ved PPU for yrkesfag tar poengutrekninga utgangspunkt i karakterar frå yrkesteoretisk utdanning eller profesjonsretta bachelorgrad, avhengig av kva som er opptaksgrunnlaget ditt.

Poengtype Profesjonsretta bachelorgrad Fag-/sveinebrev og yrkesteorietisk utdanning
Karakterpoeng Vekta karaktersnitt x 10 Vanleg karaktersnitt frå yrkesteoretisk utdanning x 10
+ Utdanningspoeng 1 poeng per 30 stp fagleg fordjuping utover opptakgrunnlaget. Maks 4 poeng.  Gir ikkje poeng
+ Praksispoeng Gir ikkje poeng 2 poeng per 12 mnd med relevant praksis utover kravet. Maks 6 poeng. 
+ Andre tilleggspoeng 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule* 6 poeng for dokumentert tilsetting i skule*
= Konkurransepoeng    

 

Vekta karaktersnitt: Karakterene gjerast om til talverdi, A=5, B=4, C=3, D=2 og E=1. Talverdien vert så ganga med kor mange studiepoeng emnet var på. Dette blir summert, og delt på total antall studiepoeng. Da vil karakteren i større emne vege tyngre enn mindre emne. 

Tilsetting i skule: For å få poeng for tilsetting må du anten dokumentere fast tilsetting på vilkår om å ta PPU, eller at du har arbeida som lærarvikar i minst 50% stilling i inneverande skuleår.

Poengutrekning for PPU-Y er heimla i §4-5 i forskrift om opptak til HVL.

 

 


Opptakskontoret