Barnehagelærar, arbeidsplassbasert

Bachelor, høsten 2017

Vil du spele ei meiningsfull rolle i dei viktigaste åra av utvikling og læring i barna sitt liv? Barnehagelæraryrket er krevjande, men òg variert og spennande. Sjølv om du har mange samarbeidspartnarar som barnehagelærar, er det først og fremst barna som står i sentrum. Ikkje minst gir barna yrket "krydder og farge". Ingen dagar er like.

Arbeidet i barnehagen er prega av mykje spontanitet og glede. Her får du bruk for alt du lærar i utdanninga, både på det faglege og personlege planet. Du får moglegheit til å bruke din kompetanse i samspel med både barn og vaksne. Dagane er prega av mykje leik, glede og humor.

Barnehagelærarutdanninga er ei profesjonsutdanning, men òg ei leiarutdanning. Du skal leia medarbeidarane dine og bidra til å auke kvaliteten i barnehagetilbodet. Du skal byggje på personalet sin kompetanse samstundes som du skal utfordre til vidareutvikling.

Undervisningsmåtar

Studiet starter opp i hausten 2017, og går over 4 år. Arbeidsomfang pr. studieår er berekna til rundt 75 % av et heiltidsstudium.

Studiet er e-basert med en ukentlig undervisningsdag kombinert med 3 fysiske samlinger à 5 dager pr. semester på campus Stord.

Praksis

Du har praksis kvart semester gjennom heile studiet i HVL sine praksisbarnehagar - 100 dagar totalt. Du må berekna permisjon frå jobb i tilknytning til samlingar og praksis.

Dessutan er studiet arbeidsplassbasert. Det betyr at HVL inngår avtale både med student og barnehageeigar om praksis for heile studieforløpet. Dette for best mogeleg å sikre den faglege kvaliteten og læringsutbyttet ditt.

Kva kan du jobbe med?

Med barnehagelærarutdanning kan du jobbe som barnehagelærar, støttepedagog, pedagogisk leiar og styrar i barnehagen. Du kan òg jobba i andre barnerelaterte verksemder, som barnevernet eller administrative stillingar i kommunen.

Vil du studere meir?

Det finst mange moglegheiter til å ta vidareutdanning. Bachelorutdanninga kan gi grunnlag for opptak til fleire mastergradsutdanningar ved HVL og andre institusjonar.

Kor kan du reise?

Finland | Åbo Akademi

Barnehagelærerutdanning ved HVL, campus Stord