Aktiv omsorg - bevegelse, naturopplevingar og deltaking

Etter- og vidareutdanning, høsten 2017

I denne vidareutdanninga lærer du korleis du kan bidra til å fremje meistring, sosial deltaking og god helse i arbeid med ulike brukargrupper. Studiet passar for deg som jobbar innan helse- og sosialtenesta eller i barnehage og skule.

Vidareutdanninga består av to emne:

  • Fysisk aktivitet og naturopplevingar som omsorg
  • Fysisk aktive deltakarar

Gjennom studiet lærer du om

  • teoriar om omsorg, aktivitet, rehabilitering og folkehelse
  • korleis planlegge og setje i verk tiltak som stimulerer til fysisk aktivitet og friluftsliv
  • samanhengar mellom fysisk aktivitet, naturopplevingar og helse
  • ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne
  • relasjonelle faktorar
  • kroppsbevisstheit som utgangspunkt for endring av bevegelse og pust

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, aktivitetar, arbeid i grupper, gjennomføring og leiing av prosjekt, seminar med rettleiing og studentpresentasjonar.

Det blir tre samlingar á fire dagar i kvart semester.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom e-læringsverktøyet Fronter.

Vil du studere meir?

Dei to emna i studiet kan inngå som valfrie emne i Master i samhandling innan helse- og sosialtenester ved HVL og Master i meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.

Timeplan

Studiestart er 5. september. Sjå timeplan for hausten 2017

  • Samlingsdatoar hausten 2017: Veke 36, 40 og 44.
  • Samlingsdatoar våren 2018: Veke 3, 9 og 16.

Som hovudregel er samlingane frå tysdag til fredag.