Automatiseringsingeniør

Bachelor, høsten 2017

Er du interessert i elektronikk og data? Då er automatiseringsingeniør noko for deg! Studiet er praktisk retta, og du får utfalde deg på ingeniørlaben vår. Som elektroingeniør blir du ettertrakta på jobbmarknaden.

Som elektroingeniør arbeider du med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.

Du lærer om

  • automatiseringsteknikk som plasserer deg midt i skjeringspunktet mellom data og elektro
  • elektronikk, data, styrings- og reguleringsteknikk, instrumentering og måleteknikk
  • data som hjelpemiddel, programmering, regulering, datainnsamling og datalagring

I tredje studieår kan du spesialisere deg innan til dømes byggautomatisering eller energiteknologi.

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid. Vi gir deg tett oppfølging gjennom heile studiet.

Praksis

Det siste studieåret kan du ha praksis i ei av våre samarbeidsbedrifter.

Kva kan du jobbe med?

  • I databransjen eller andre høgteknologiske bedrifter
  • I oljebransjen, både offshore og på land.

Det er stort behov for ingeniørar i næringslivet. Studentane våre er ettertrakta, og dei aller fleste får gode jobbtilbod før dei er ferdig utdanna.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i 4., 5. eller 6. semester. Vi har avtalar med ei rekkje utdanningsinstitusjonar rundt omkring i verda. Sjå kor du kan reise

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!