Bioingeniør

Bachelor, høsten 2017

Dei fleste bioingeniørar arbeider ved medisinske laboratorium. Hovudmålet med laboratoriearbeidet er å skaffe fram prøveresultat som hjelper til å stille diagnose, forebygge og vurdere effekten av behandling. I dette arbeidet inngår innhenting av prøvemateriale, analysering ved bruk av ulike instrument, samt overvaking av analysekvaliteten.

Den bioteknologiske utviklinga har vore formidabel dei seinare åra, og bioingeniøren hjelper inn mot denne utviklinga. Slik utgjer du som bioingeniør ein viktig del av denne utviklinga og er med på samspelet rundt pasienten.

I arbeidet sitt kombinerer bioingeniøren metodekunnskap, medisinsk kunnskap og teknologisk kompetanse. Her inngår til tider svært avansert instrumentering ved analyse av biologisk materiale som blod, urin og vevsprøvar. Mange bioingeniørar har også direkte pasientkontakt ved blodprøvetaking, opplæring og rettleiing av ulike pasientgrupper.

Bioingeniørfag rommar fleire ulike disiplinar innanfor laboratoriemedisin og er i stadig utvikling. Analyseinstrumenta som blir brukte i laboratoria er svært avanserte. Du vil lære å meistre teknologien og samtidig opparbeide deg god kunnskap om dei vanlegaste analysemetodane innan medisinsk diagnostikk. Kvalitetssikring av analyseresultat er ein viktig del av det bioingeniørfaglege arbeidet.

Utdanninga kvalifiserer til autorisasjon som bioingeniør i høve til lov om helsepersonell. Du kan bygge på med ulike masterstudium, som for eksempel Master i innovasjon og entreprenørskap ved HVL eller Master i helsefag for radiografar og bioingeniørar ved UiB.

Utdanninga har spesifikke opptakskrav, men det er ein fordel med Kjemi 1 frå vidaregåande skole som grunnlag for opptak og gjennomføring av studiet. Vidare bør du vere vaksinert mot tuberkulose (BCG) før du startar på studiet. Sjå informasjon om medisinsk testing.

For etter- og vidareutdanning for bioingeniørar, sjå Medisinske laboratorieanalysar.

Praksis

Bioingeniørar skal etter avslutta utdanning ha både teoretiske kunnskapar, praktiske ferdigheiter og generell kompetanse. I tillegg til den teoretiske undervisninga og dei interne laboratoriekursa, får du praksis-undervisning med rettleiing ved ulike medisinske laboratorium. Her får du høve til å bli kjent med den seinaste utviklinga innan laboratorieinstrumentering og bli kjent med utøving av yrket. Praksis på medisinske laboratorium vil vere ein del av utdanninga i alle tre studieåra.

Du får brukt dine medisinske, tekniske og metodiske kunnskapar og medverke til å stille riktige diagnosar og overvake ulike former for behandling. Slik tek bioingeniøren vare på ein viktig del av den totale pasientomsorga.

Kva kan du jobbe med?

Bioingeniørar har ansvar for analysearbeid i ulike medisinske laboratorium der dei arbeider sjølvstendig og samarbeider med legar og anna helsepersonell. Du må derfor like å arbeide med menneske. Andre moglegheiter til arbeid finst i forskingslaboratorium, innanfor veterinærmedisin, næringsmiddelkontroll, farmasøytisk industri, sal og undervisning.

Utveksling

Utdanninga har samarbeidsavtalar med bioingeniørutdanningar i Sverige, Danmark, Finland og Belgia. I tillegg samarbeider vi med universitet i Europa, Nord-Amerika, Afrika og Asia. Dette gir deg gode høve for utveksling, og du kan søke om å utføre bacheloroppgåva ved desse studiestadene i 6. semester.

Kor kan du reise?