Barnehagelærerutdanning med vekt på Barns utvikling, lek og læring

Bachelor, kull 2017

Barnehagelærarstudiet gir deg kompetanse og erfaring til å arbeide med barn og medarbeidarar i ein organisasjon som er i kontinuerleg utvikling. Utdanninga gir deg kompetanse på barns leik, sosial, motorisk og kognitiv utvikling. Den gir deg også føresetnader for godt samarbeid med kollegaar, fagpersonar og barna sine føresette.

Barnehagelærarutdanninga er bygd opp rundt fleirfaglege kunnskapsområde. Dei to første studieåra inneheld 20 sp i fem ulike slike område. I det andre året ditt får du dessutan 20 sp ekstra i kunnskapsområdet som gir namn til utdanninga du har valt. Tredje studieår vil du kunne velje mellom fleire fordjupingsemne, mellom desse er ytterlegare fordjuping i profilen sin eit særleg vektlagd kunnskapsområde.

Tredje år inneheld kunnskapsområdet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid 15 sp, fordjupingsemne 30 sp og bacheloroppgåve 15 sp.

Kunnskapsområdet legg vekt på å utvikle den faglege, etiske og didaktiske kompetansen som barnehagelæraren treng for å kunne legge til rette for leik, læring og danningsprosessar. Basert på pedagogisk og fagleg kunnskap og kompetanse skal barnehagelæraren planlegge, dokumentere og vurdere pedagogisk verksemd. Barns utvikling gjennom leik, læring og omsorg står sentralt i denne profilen.

Fullført utdanning kvalifiserer for opptak til master i barnehagekunnskap.

Praksis

Praksis er ein obligatorisk del av studiet. Utdanninga inneheld 100 dagar med praksis fordelt på tre år.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga kvalifiserer til pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Dei fleste barnehagelærarar arbeider i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar kan vere døgninstitusjonar for barn, skulefritidsordning eller kommunal administrasjon.

Utveksling

Du kan ta fordjupinga i tredje studieår ved institusjonar vi har samarbeidsavtalar med i utlandet. Det er også mogleg å ta første del av praksis andre året ved institusjonar i utlandet.

Kor kan du reise?