Barnehagelærerutdanning deltid

Bachelor, høsten 2017

Denne utdanninga går på deltid og er særleg innretta for deg som allereie jobbar i barnehage, og som har lyst til å utdanne deg til barnehagelærar.

Som barnehagelærar arbeider du i ein organisasjon som er i kontinuerleg utvikling, og der kvar enkelt medarbeidar bidrar aktivt til at eigen kompetanse og erfaring kjem alle til gode. Utdanninga gir deg leiarkompetanse, og arbeidet vil seie at du må samarbeide med kollegaar, andre fagpersonar og foreldra til barna.

Studiet er på deltid 75 % over fire år. Praksisopplæringa er på 100 %, og det er knytt praksisperiodar til alle fire studieåra. Dei tre første studieåra inngår desse kunnskapsområda:

  • Barn si utvikling, leik og læring (20 sp)
  • Kunst, kultur og kreativitet (20 sp)
  • Natur, helse og rørsle (20 sp)
  • Samfunn, religion, livssyn og etikk (40 sp)
  • Språk, tekst og matematikk (20 sp)
  • Leiing samarbeid og utviklingsarbeid (15 sp)

I fjerde studieår inngår det ei fagleg fordjuping på 30 sp og bacheloroppgåve på 15 sp. Fordjupinga er i utgangspunktet Leiing, samarbeid og utviklingsarbeid 2, men studentar kan søke på andre fagfordjupingar ved heiltidsutdanninga.

Høve for mastergrad

Fullført utdanning kvalifiserer for opptak til master i barnehagekunnskap.

Undervisningsmåtar

Undervisninga består av tverrfagleg arbeid, praktisk arbeid, prosjektarbeid, forelesningar, gruppearbeid, sjølvstudium og praksis i barnehagar. Studiet føreset to heile studiedagar på høgskulen per veke. Undervisninga skjer respektive måndagar og tysdagar, samt torsdagar og fredagar for anna kvart studiekull. 2016-kullet er på skulen måndag og tysdag, dermed vil 17-kullet ha undervisningsdagar torsdag og fredag.

Praksis

Praksisopplæringa er ein obligatorisk del av studiet. Det er til saman 100 dagar med praksis i studiet, fordelt over alle dei fire åra. Praksisopplæringa føreset 5 heile arbeidsdagar i barnehagen per praksisveke. Det er ikkje høve til å gjennomføre praksis på eigen arbeidsplass.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga kvalifiserer til pedagogisk arbeid med barn i barnehagen. Dei fleste barnehagelærarar arbeider i barnehagar. Andre aktuelle arbeidsplassar kan vere døgninstitusjonar for barn, skolefritidsordning eller kommunal administrasjon.

Utveksling

Det er ikkje lagt opp til utvekslingsopphald utanlands som del av dette studiet.