Barnehagelærar

Bachelor, kull 2017

Trivst du saman med barn? Som barnehagelærar vil du møte nysgjerrige ungar med mykje på hjarta, og du skal gi dei svar, kunnskap og eit utviklande miljø i kvardagen. Du skal også vere ein leiar og samarbeidsperson for kollegaer, foreldre og fagpersonar.

I barnehagen skal ungane utvikle seg og vekse gjennom organiserte aktivitetar og fri leik. Som barnehagelærar vil du ha eit viktig fagleg ansvar for å lage eit tilbod med god kvalitet, og du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar.

Barnehagelærarutdanninga er inndelt i seks kunnskapsområde, der du lærer om:

  • barns utvikling, leik og læring
  • språk, tekst og matematikk
  • natur, helse og rørsle
  • kunst, kultur og kreativitet
  • samfunn, religion, livssyn og etikk
  • leiing, samarbeid og utviklingsarbeid

I tillegg skriv du bacheloroppgåve, og har ei valfri fordjupingseining.  

Studiet har krav om politiattest  

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, seminar med meir. Du jobbar på eiga hand og i grupper, og får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Praksis

Gjennom studiet har du 100 dagar rettleia praksis.

Kva kan du jobbe med?

Det er stor mangel på barnehagelærarar, og du er nærmast garantert jobb etter studiet. Du blir kvalifisert for pedagogiske leiarstillingar i barnehagar og som leiar i skulefritidsordninga (SFO). Du kan også jobbe i oppvekstsektoren i kommunar og fylke.

Vil du studere meir?

Du kan ta ulike master- og vidareutdanningar og spesialisere deg innan eit fagfelt du interesserer deg særleg for.

Utveksling

Du kan reise på studie- eller praksisopphald i utlandet. Vi har avtalar med ei rekkje utdanningsinstitusjonar rundt omkring i verda. Sjå kor du kan reise

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!