To arbeidstakere på en byggeplass snakker sammen.

Byggingeniør | Bergen

Bachelor

Byggingeniørar planlegg, prosjekterer og leier arbeidet med nye bygg, anlegg, vegnett og infrastruktur. Ein byggingeniør jobbar også med å sikre berekraftige og grøne løysingar i framtidas bygg.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Søknadskode i Samordna opptak

    203003

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

    Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

    Les meir om våre forkurs her.

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor bli byggingeniør?

    Vil du bidra til å skape nye tekniske løysingar og utforme omgjevnadane i samarbeid med andre? Som byggingeniør vil du få eit spennande yrke med mange moglegheiter.

    På studiet i byggingeniør lærer du å:

    • planlegge og gjennomføre bygg- og anleggsprosjekt
    • vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
    • jobbe i tverrfaglege grupper og gjennomføre prosjektarbeid

    Byggingeniør-utdanninga består i hovudsak av tekniske fag, realfag og noko samfunnsfag. I tillegg til dei obligatoriske faga kan du velje mellom ulike valfag.

    I 2. studieår kan du velje å spesialisere deg innan ei av tre studieretningar:

    • Konstruksjonsteknikk (konstruksjonar av betong, stål, tre m.m)
    • Miljø, plan og infrastruktur (vei, vann og avløpssystem m.m)
    • Prosjekt- og byggeleiing

    HVL tilbyr byggingeniør-utdanning i både Bergen og Førde, og det kan vere lurt å legge inn begge alternativ på søkarlista di.

    Korleis er undervisninga?

    Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, ekskursjonar og prosjektarbeid med rettleiing.

    Den avsluttande bacheloroppgåva blir som regel utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Praksis for byggingeniør

    Det er moglegheiter for å få godkjend praksis om sommaren mellom 4. og 5. semester.

    Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?

    Ikkje noko problem! Ved HVL kan du ta ulike kurs som gjer deg kvalifisert til å starte på ein ingeniørutdanning.

    Les meir om forkurs, realfagskurs, y-vegen og tresemesterordning.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i løpet av studietida.

    Kor kan du reise?

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i byggingeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Andre utdanningar du kanskje vil like