Dataingeniør

Bachelor, høsten 2017

Som dataingeniør kan du jobbe kvar som helst i verda og innan kva slags bransje som helst. Data- og informasjonsteknologi er i høgste grad til stades overalt i samfunnet i dag. Datasystem blir brukt innan dei fleste områda i samfunnet, som helse og omsorg, nyhende og media, handel og energiforsyning.

I dataingeniørstudiet lærer du mellom anna å programmere appar og utvikle store IT-system tilsvarande for eksempel itslearning og Facebook. Du lærer om databasar og webbaserte system. Studiet gir deg kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling. Du lærer også korleis datamaskiner fungerer, og korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk.

Denne bachelorutdanninga er eit ingeniørstudium, som følgjer den nasjonale rammeplanen for ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga, er det eit vesentleg innslag av realfag og samfunnsfag.

Dataingeniørutdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som bachelorutdanninga i informasjonsteknologi, og den IT-faglege kompetansen i dei to studia er følgeleg den same.

Du får god og praktisk kunnskap i utvikling, tilpassing og integrering av moderne programvare. Utdanninga kompletterast gjennom realfag som matematikk og statistikk, samt samfunnsfag slik som prosjektarbeid, økonomi, leiing og entreprenørskap.

I siste del av studiet kan du velje å spesialisere deg innan:

  • Programutvikling
  • Drift av datasystem
  • Web- og mobilteknologi

Etter fullført bachelorstudium kan du søke plass på mastergradstudiet vårt innan programutvikling, eller på andre mastergradar innan datafag/informatikk.

Undervisningsmåtar

Dette er ei teknisk utdanning som stiller krav til god arbeidsinnsats. For å gjennomføre på normert tid, må du rekne med å bruke 35-40 timar per veke på studierelatert arbeid gjennom heile semesteret. Arbeidsformene som blir vektlagde er forelesningar, praktiske øvingar på datalaboratorium, praktiske prosjektoppgåver og sjølvstudium, samt gruppearbeid.

Det er viktig å vere merksam på at IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang. Følgeleg er det ein stor fordel, men ikkje noko absolutt vilkår, at du som student har interesse og evner innan desse faga, uavhengig av kva slags fagkombinasjon du valde på vidaregåande skole.

I siste del av studiet skal du saman med ein eller to medstudentar gjennomføre ei større prosjektoppgåve (bacheloroppgåva) der de utviklar eit lite datasystem. Prosjekta blir ofte gitte som oppdrag frå næringslivet, og det kan også gjerast utanlands.

Praksis

I siste år av utdanninga kan du velje å ha praksisperiode i ei lokal bedrift i 1/3 av semesteret. Du vil då delta aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, og dette vil gi deg verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.

Kva kan du jobbe med?

Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar, samt alle greiner av det offentlege. Du kan få jobb i programvarehus eller konsulentfirma som utviklar IT-system for næringslivet eller offentleg forvaltning. Du kan også få jobb innan IT-drift i ei større verksemd, eller du kan få sjølvstendig ansvar knytt til IT i ei mindre verksemd.

Du kan jobbe med å utvikle programvare for datamaskiner eller appar for nettbrett og mobiltelefonar. Du kan for eksempel velje å jobbe med utvikling av innovative IT-løysingar for helsesektoren eller olje- og gass-sektoren. Du kan også velje å jobbe med drift av IT-system i ei stor eller lita bedrift.

IT-utdanning frå HVL vil også kunne gje deg eit godt utgangspunkt for oppstart av eiga gründerbedrift basert på utvikling og sal av IT-system og/eller tenester.

Å arbeide med IT er svært varierande og omfattar arbeidsoppgåver som programmering, testing, utforming av brukargrensesnitt. I dei siste åra har webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande blitt svært aktuelt i dei fleste bransjar, og mange vil arbeide med å utvikle slike system. Innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare er også typiske arbeidsoppgåver.

Tilsette med IT-fagleg bakgrunn arbeider som oftast i team der tett samarbeid er nødvendig for å utvikle eit godt produkt eller ei god løysing. Med litt erfaring vil du også kunne vere aktuell for prosjektleiarstillingar der fag frå studiet innan økonomi, administrasjon og leiing også vil vere ein viktig ballast.

Utveksling

Vi har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa, Australia, New Zealand, USA og Canada. Utveksling med Canada, Tyskland og Spania er særleg vektlagd. Utanlandsopphald gjer ein normalt i siste halvdel av studiet, og kan vare frå tre månader til to semester.

Kor kan du reise?