Programutvikling

Master, høsten 2017

Dette studieprogrammet er ein fellesgrad som blir tilbyde av Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen i fellesskap. Programmet har to spesialiseringar: programvareutvikling og programutviklingsteori. Høgskulen tilbyr spesialisering i programvareutvikling.

Etter ferdig utdanning vil du ha opparbeidd deg spisskompetanse innanfor avansert datateknologi. Du vil då vere godt rusta til å arbeide med utvikling og integrering av komplekse datasystem og programvare innanfor både tekniske og administrative bruksområde. Du kan også velje å gå vidare til eit PhD-studium og ein forskarkarriere.

Masterprogrammet eignar seg særleg godt for deg som har dataingeniørutdanning eller ein bachelorgrad innan eit fagområde som informatikk eller informasjonsteknologi.

Gjennom masterutdanninga lærer du bruk av moderne system- og programutviklingsmetodar, samt ny programutviklingsteknologi med tilhøyrande utviklingsverktøy. Høgskolen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Bergen (UiB) er felles ansvarlege for rettleiing av masteroppgåvene og for undervisning i emna som inngår i programmet.

Av 120 studiepoeng er 60 studiepoeng teori, og 60 studiepoeng er skriftleg oppgåve. Teoridelen er sett saman av seks emne, kvart på ti studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske: INF234 Algoritmar (UiB), MOD250 Avansert programvareteknologi (HVL) og MOD251 Moderne systemutviklingsmetodar (HVL). Du vel sjølv dei siste tre emna mellom emne på høgare nivå som blir underviste ved HVL eller UiB

Ved HVL er det for tida mogleg å velje oppgåver knytt til forskingsgrupper for datagrafikk, modellbasert programutvikling, grid computing og agentteknologiar og kunstig intelligens. Med utgangspunkt i desse gruppene gis det undervisning i valemna Agentteknologi, Modellbasert utvikling og Grid-teknologiar, i tillegg til at rettleiarar også kan legge opp spesialpensum meir eller mindre direkte relatert til masteroppgåva.

Kva blir du kvalifisert for?

Med mastergrad i programutvikling vil du vere attraktiv for stillingar innan IT-selskap og konsulentfirma som driv med utvikling og vedlikehald av programvare. Med litt arbeidserfaring vil du kunne gå inn som prosjektleiar for større utviklingsprosjekt innan IKT.

Du kan arbeide i IT-avdelingar i større verksemder, eller du kan arbeide med forsking og utvikling innan IKT. Du kan også velje å gå vidare mot eit PhD-studium og ei forskarkarriere.

Kor kan du reise?