Elektronikkingeniør

Bachelor, høsten 2017

Kvar einaste dag omgir vi oss med elektroniske innretningar som vi tar som sjølvsagt. Vi finn avansert elektronikk i alt frå bilar til leiketøy.

Ein elektronikkingeniør har kunnskapar om korleis elektronikken i slike einingar er bygd opp. Etter ferdig utdanning kan du konstruere elektroniske system, lage krinskort, designe lydforsterkarar og programmere mikrokontrollarar og FPGA-ar.

Elektronikkstudiet gir ei solid innføring i grunnleggande ingeniørfag, med særleg vekt på analog og digital elektronikk. Elektronisk overvaking av miljø og teknisk utstyr er eit satsingsområde for denne ingeniørutdanninga.

Sentral i utdanninga står datamaskiner/mikroprosessorar som hentar måledata frå sensorar, behandlar signala og sender informasjon vidare ved bruk av elektronisk kommunikasjon.

Somme fag er praktiske og konkrete, med stor vekt på krinskonstruksjon. Andre fag er meir teoretiske og systemorienterte. Her ligg hovudvekta på å forstå større system innan måleteknikk, tele- og datanett.

Undervisningsmåtar

Det er lagt til rette for bruk av eigne, berbare datamaskiner i dei fleste faga.

Arbeidsformer som blir vektlagde er forelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, der det kan inngå både gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr eller simulering på datamaskin.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørmessig arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Kva kan du jobbe med?

Dei viktigaste arbeidsområda er i verksemder som utviklar, sel og/eller vedlikeheld elektroniske målesystem, overvakingssystem eller kommunikasjonssystem.

Oljeverksemd, fiskeri- og havbruksnæring og ulike former for maritim og oseanografisk overvaking er aktuelle brukarar av kompetansen og produkta til elektronikkingeniøren.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Danmark, Storbritannia, Sveits, Spania, USA, Canada og New Zealand. Om du ønsker det, kan vi legge til rette for at du kan ta bacheloroppgåva i utlandet.

Kor kan du reise?