Energi-, elkraft- og miljøingeniør

Bachelor, høsten 2017

Har du lyst å jobbe med framtidas utfordringar? Energiforsyning er heilt avgjerande for at eit moderne samfunn skal fungere, og det er stort fokus på fornybar energi. Denne bachelorutdanninga gir spennande jobbmoglegheiter i ein bransje som har stort behov for kompetanse.

Studiet har fokus på miljøvenleg energiproduksjon og gir ei brei oversikt over utviklinga på energiområdet.

Du lærer om

  • kraftproduksjon og overføring og forbruk av kraft, alt sett inn i ein miljøsamanheng
  • programmering, målesystem og programmerbare logiske styringar
  • elektriske anlegg
  • elektriske maskiner og installasjonar
  • høgspenning og kraftelektronikk

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, labøvingar og prosjektarbeid. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Praksis

Det siste studieåret kan du ha praksis i ei av våre samarbeidsbedrifter.

Kva kan du jobbe med?

  • Energibransjen har stort behov for fagfolk. Du blir kvalifisert til å jobbe med alle typar energiproduksjon
  • Prosjektering av elektriske og elektroniske system
  • Konsulent og elektroentreprenør, føre tilsyn med elektriske anlegg
  • Arbeid offshore er like aktuelt som arbeid på land

Utveksling

Du kan reise på utveksling i 4., 5. eller 6. semester. Vi har avtalar med ei rekkje utdanningsinstitusjonar rundt omkring i verda. Sjå kor du kan reise

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!