Areal og eigedom

Master, kull 2017

Det er i dag stor etterspurnad etter kompetanse på mastergradsnivå innan areal og eigedom. Etterspurnaden kjem både frå offentlege og private aktørar. Mellom dei private aktørane er det særleg konsulentbransjen og entreprenørar som etterspør kompetanse innan arealutvikling og arealerverv, samt fordjuping innan eigedom eller arealforvaltning. Det offentlege, ved for eksempel Domstoladministrasjonen (DA), har stor etterspurnad etter jordskiftedommarar og jordskiftedommarfullmektige, mens Statens vegvesen, Jernbaneverket og andre offentlege utbyggarar har stor etterspurnad etter grunnervervarar. Når det gjeld arealplanleggarar er det stor etterspurnad hos kommunane.

Studiet er i første semester bygd opp rundt fagområdet arealutvikling. Andre semester er bygd opp rundt fagområdet arealerverv. Vidare vil studentane i tredje og fjerde semester sjå på areal og eigedom i eit meir samla perspektiv og i tilknyting til to alternative fordjupingar. Studentane vil i fjerde semester skrive ei mastergradsoppgåve der dei analyserer faglege problemstillingar innanfor fordjupinga.

Mastergradsstudiet er 2-årig, og kvart studieår er delt inn i to semester. I kvart semester tar ein normalt 30 studiepoeng ved ordinær studieprogresjon.

Undervisningsmåtar

Utdanninga har eit sterkt innslag av informasjonsteknologi og datastøtta læring.

Kva kan du jobbe med?

Dei fleste finn jobb i private konsulentfirma (utbyggarar, eigedomsutviklarar, eigedomsforvaltarar, arealplanleggarar), som saksbehandlarar og leiarar i offentleg sektor, dommarar og ingeniørar i jordskifteretten, grunnervervarar og arealplanleggarar i Statens Vegvesen, samt Statens Kartverk.

Utveksling

Høgskulen på Vestlandet har inngått Erasmus+ avtalar med Aalborg Universitet i Danmark, University of Santiago de Compostela i Spania og University of Ljubljana for perioden 2014-2021. Avtalene omfattar begge fordjupingane i mastergraden arealforvaltning og eigedom og gjeld mellom anna fagområda spatial planning, regional planning, land use planning, land management og land readjustment. Dette samsvarar med den faglege profilen til mastergraden.

Kor kan du reise?