Eldre, helse og samfunn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2017

Eit viktig og interessant fagfelt som treng deg!

Som student ved vidareutdanning i Eldre, helse og samfunn er du med på å utvikle fagfeltet.

Vidareutdanninga i eldre, helse og samfunn har som mål å utdanna reflekterte yrkesutøvarar med høg yrkesetisk standard som kan ta initiativ til, organisera og setje i verk tiltak i samarbeid med eldre personar, pårørande, andre yrkesgrupper og frivillige. Studiet har spesielt fokus på helsefremjande arbeid, personsentrert omsorg, demens, palliasjon og samhandling mellom tenestenivå.

Utdanninga består av 4 emne á 15 studiepoeng

Semester 1: Eldre og helse, 15 sp

Semester 2: Sjuke eldre og samhandling, 15 sp

Semester 3: Eldre, demens og alderspsykiatri, 15 sp (Valgfag)

Semester 4: Fordjupning i eldre, helse og samfunn, 15 sp

Undervisningsmåtar

Målgruppe:

Helse- og sosialpersonell som jobbar med eldre i kommunehelse- og spesialisttenesta.

Arbeids og undervisningsformer:

Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.

Organisering:

Deltidsutdanning med samlingar på kampus Haugesund, tre vekessamlingar pr. semester.

Arbeidskrav:

Ulike studiekrav knytt til kvart emne. Krav til 80 % frammøte til undervisning for alle emne.

Eksamen:

Varierte vurderingsformer. Avsluttande vurdering for kvart emne.

Vil du studere meir?

Deler av studiet kan etter søknad bli godkjend inn mot masterstudier i helse- og sosialfag.