Elkraftingeniør

Bachelor, høsten 2017

Ein kvardag utan elektrisitet kan vi vel knapt førestelle oss. Elektrisk straum er ein av berebjelkane for det moderne samfunnet.

Ei utdanning i elkraftteknikk er ei utdanning innanfor fagområde der Noreg har ein dominerande posisjon internasjonalt: vasskraft og utvinning av olje og gass.

System og utstyr for skip og offshoreverksemd er eit satsingsområde for utdanninga.

Elkraftstudiet gir deg kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging og drift og vedlikehald av elektriske system. Du kan også jobbe med komponentar innan industri og el-produksjon, bygg- og transportsektoren, skip, og olje- og gassproduksjon. Fagtilbodet dekkjer også system for styring og overvaking av elektrontekniske system generelt.

Studieretningsfaga, valfaga og bacheloroppgåva gir deg høve til å fordjupe deg i tema som modellering og simuleringsteknikk, planlegging og prosjektering, energiøkonomisering, fornybare energikjelder, elektroteknisk og elektronisk utstyr og system.

Undervisningsmåtar

Arbeidsformer som blir vektlagde er forelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, der det kan inngå både gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr eller simulering på datamaskin.

Det er lagt til rette for bruk av eigne berbare datamaskiner i dei fleste faga. Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørmessig arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Kva kan du jobbe med?

Dei viktigaste arbeidsområda er elektroteknisk eller elektronisk industri, prosessindustri, elektrisitetsforsyning og installasjonsgjeremål på land og offshore. Arbeidsoppgåvene til elkraftingeniøren er også innanfor landbasert industri, energiforsyninga og konsulentbransjen. Elkraftingeniøren vil i tillegg ha ei sentral rolle i det fornybare samfunnet i framtida.

Elkraftingeniøren prosjekterer elektriske og elektroniske system, er konsulent og elektroentreprenør, og fører tilsyn med elektriske anlegg. Elkraftingeniøren er godkjend som ansvarleg for prosjektering, drift og vedlikehald av elektriske anlegg som er under offentleg kontroll og tilsyn.

Utveksling

Vi samarbeider med utdanningsinstitusjonar i Danmark, Storbritannia, Sveits, Spania, USA, Canada og New Zealand. Det kan leggast spesielt til rette for å ta bacheloroppgåva i utlandet.

Kor kan du reise?