Energiingeniør

Bachelor, høsten 2017

Korleis møter vi energibehovet på ein berekraftig måte? Utfordringane innan energi og klima har skapt eit behov for ingeniørar som har eit breitt og heilskapleg syn på desse problemstillingane.

Ein energiingeniør arbeider med produksjon, distribusjon og bruk av energi i eit globalt eller lokalt perspektiv. Ein ingeniør innan energiteknologi har fokus på tekniske løysingar, økonomi, samfunnsbehov og miljøomsyn.

Utdanninga gir deg kunnskapar om energiproduksjon, energidistribusjon og energibruk. I studiet blir det lagt stor vekt på samspelet mellom energi, miljø, økonomi og samfunn.

Tradisjonelle energikjelder, som vasskraft og fossil energi, inngår i fagkrinsen. Det same gjer nye, fornybare energikjelder, som bioenergi, vindkraft og solenergi. Du vil også lære om varmepumper og miljøvenleg utnytting av naturgass, mellom anna bruk av hydrogen som framtidig energikjelde. Effektiv og fleksibel bruk av energi i bygningar og industri er eit anna sentralt tema.

Denne ingeniørutdanninga er eit tverrfagleg samarbeid mellom Institutt for maskin- og marinfag, Institutt for elektrofag og Institutt for byggfag.

Undervisningsmåtar

IT-verktøy og IT-baserte informasjonssystem brukast i stor utstrekning i studiet. Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er forelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte.

Somme fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Energiingeniøren er ein ny type ingeniør, som i aukande grad blir å finne i industrien og anna næringsliv, hos større byggeigarar, i offentleg forvaltning og hos rådgivande ingeniørar.

Energiingeniøren kan jobbe som produktutviklar i industrien, med sal og mekling av energiavtalar, vere saksbehandlar i offentlege etatar, drifte store bygningskompleks eller vere rådgivande ingeniør.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Norden, Spania, Canada og USA.

Kor kan du reise?

Fann draumejobben

Kristian og Hilde meiner energiteknologistudiet har gitt dei god fagleg breidde i møte med ein stadig tøffare arbeidsmarknad. Begge har funne draumejobbar i to ulike bransjar.

Valde master i Lisboa og Paris

Etter å ha studert energiteknologi var Hans-Kristian Ringkjøb klar for nye utfordringar. Han drog til Sør-Europa og tok master i fornybar energi både i Lisboa og Paris.